Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lars Mæhle er ein av dei meir produktive barne- og ungdomsbokforfattarane i Noreg. I 2018 gav han ut ungdomsromanen Andromeda. Det er ei bok om å vere seg sjølv og om å bestemme korleis ein skal leve.

Bygdeoriginalar

Andromeda
Lars Mæhle
Samlaget, 2018
Sjanger: Ungdomsroman

Forteljinga i Andromeda startar når 16 år gamle Simon flyttar inn hos den tredje fosterfamilien sin. Han er ein gjennomdiagnostisert og rastlaus gut som no har vorte plassert i det han sjølv meiner er eit bygdehòl, ein sånn stad der alle spelar fotball og er forelska i den same jenta. Simon skil seg seg ut. Han planlegg å lage bråk for at barnevernet skal flytte han til ein annan stad, men ting går ikkje slik som planlagt.

Simon begynner i ein klasse full av bygdeoriginalar, som emo-Kaja, segway-Ola, mobbeofferet Pippin og gangsterane Sindre, William og Samuel. Læraren Thomas, ein skikkeleg hipster-wannabe, set i gang tiltak for å betre klassemiljøet: besøksgrupper og leirskuletur. Kleint! I dette kaoset må Simon finne seg sjølv og ta vanskelege val.

Det er Simon som er forteljar. Han har eit sarkastisk syn som tilfører boka humor, men ein dysterheit. Andromeda tek opp fleire tunge tema på ein fin og balansert måte, til dømes viser forteljinga til Pippin oss korleis det er å verte mobba.

Leikar seg med fordommar

Rollegalleriet er variert med mange interessante karakterar. Dei er tydelege og lette skilje frå kvarandre. Ein vert glad i Simon og mange av dei andre karakterane, samstundes som ein avskyr Sindre & co. Fleire av karakterane er likevel for overflatiske og enkle, og det fører til at nokon av handlingane verkar umotiverte. Eg skulle ønskje at dei ulike karakterane var djupare og at me fekk visst meir om dei. Utan å spoile handlinga kan eg seie at Mæhle brukar karakterane i boka til å leike seg med fordommar.

Plottet og handlinga i Andromeda er merkeleg. I byrjinga heng ting liksom ikkje i saman, men etter kvart fell alt på plass og ein skjønner kva som skjer. Eg likar det, det kjennest nytt og fresht.

Andromeda er ei ganske lettlesen bok. Kapitla i boka er korte og handlinga vert driven hurtig framover. Mæhle beskriv dei ulike scenene på ein god måte slik at det er enkelt å førestille seg korleis ting ser ut og lage bilete i hovudet.

Alt i alt har Lars Mæhle skrive ei fengjande bok som er verd å lese.

Sabina Store-Ashkari (20) og Alexander Fallo (35) har begge teke steget frå Instagram-poesi til diktbok på Cappelen Damm denne våren. Foto: Mary Store, Anna-Julia Granberg/Blunderbuss