Musikkdagboka: Martin Halla skulle gjerne invitert Jeff Buckley på middag

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Musikk er ein stad eg kan rømme til for å få hovudet til å snakke med meg utan å måtte tenkje, skriv Martin Halla.

I 2012 song aurskogingen inn i norske hjarte under musikkonkurransen The Voice på TV 2. No er 31-åringen aktuell med det nyoppstarta bandet LÖV, saman med tidlegare Marthe Eberson og Øystein Skar, som begge var med i Highasakite.

14. februar kom debutalbumet Nostalgia og denne veka har bandet spelt på BY:Larm-festivalen i Oslo.

Her er musikkdagboka til vokalisten:

Favorittsjanger:

Mitt forhold til sjanger er veldig lite bevisst. Men eg er jo glad i popmusikk som tillet at ein går litt utanfor popboksen.

Favorittband/artist:

No om dager høyrer eg mykje på Rhye. Men om det er favorittartist, det veit eg ikkje. Det forandrar seg heile tida.

Favorittlåt/artist:

Også eigentleg eit umogleg spørsmål.. Men eg har ofte det siste året gått tilbake til Voice On The Radio av Bendik Brænne.

Første album du kjøpte sjølv:

Eg er ikkje heilt sikker – men eg trur det var Craig David «Born To Do It»

Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?

Den var litt både og altså. Men det er faktisk veldig mykje av det eg høyrde på då, som eg framleis likar veldig godt, med unntak av Darude kanskje – eg hugsar at eg ELSKA «Sandstorm»

Kva syng du i dusjen?

I dusjen komponerer eg mykje altså.. ofte prøver eg å få det til å låta som klassisk musikk, men trur ikkje eg lukkast så ofte.

Verdas beste kjærleikslåt

Kanskje The Night We Met av Lord Huron?

Beste treningslåt

Hehe – «Eye Of The Tiger»….

Gulity pleasure

Av og til høyrer eg på «Dæng Dæng» et album av gode gamle Bjelleklang. Eg kan alle låtene, og eg elskar det, men det er nok ei guilty pleasure ja.

Verdas mest oppskrytte band/musikar:

Her vil eg ikkje uttale meg altså. Musikk er jo så utruleg subjektivt, og noko som eg verkeleg mislikar kan nokon andre elske over alt på jord..

Verdas mest undervurderte band/musikar:

Hmmm… Eg likar veldig godt eit band som heiter Flyte – hvis du ikkje har høyrt dei tidlegare anbefalar eg dei. Men om dei er undervurdert veit eg ikkje.

Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?

Oj, det er mange. Men kanskje «Holocene» av Bon Iver – eller «Martha» av Tom Waits. Eller «Evil Angel» av Rufus Wainwright, «Lover, You Should’ve Come Over» av Jeff Buckley. Det er så mykje fint!!

Kva for artist (levande eller død) ville du hatt privatkonsert og middag med i stova di?

Da må det bli Jeff Buckley trur eg .. Eller om Dave Grohl hadde stukke innom, så ville eg heller ikkje nekta han i døra..

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

Kanskje Flyte må komme å gjere sin versjon av «Archie, Marry Me» – nydeleg cover.

Kva låt vil du ha i gravferda di?

Veldig vanskeleg spørsmål – forhåpentlegvis har eg mange år igjen til å tenke på dette 😀