Elise Solvåg
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

BOKMELDING: Ninkolai er ei av fjorårets sterkaste bøker; i mine auge eit lite meisterverk. Det er ei bok om kjønn, familie, og oppvekst; om alt det stygge som sårar oss, set djupe spor og formar oss. Forteljinga om Nina/Nikolai handlar om å bli sett, å bli avvist og å bli akseptert.

Som tolvåring kjem Nina til besteforeldra sin gard for å bli buande, medan mor hennar drog tilbake til byen. Nina er på veg til å bli Nikolai, guten han eigentleg er. Parallelt møter vi Nikolai som ung gut, som flyttar til byen for å jobbe og bli sin eigen person på godt og vondt. Men sjølvstende er ikkje like lett som Nikolai hadde sett føre seg, og han saknar besteforeldra. Spesielt bestefaren Johannes, som var den einaste heime som verkeleg aksepterte Nikolai for den han var. Bestemor Inger nekta derimot å gje slepp på Nina. Og no er bestefaren sjuk, og det går raskt. Nikolai vil gjerne heim; men er heime der du kjem frå, eller der du vert akseptert for den du er?

Boka fokuserer ikkje så mykje på endringa frå Nina til Nikolai, men meir alt det drar med seg av reaksjonar. I tillegg skildrar Klakegg den unge kjærleiken, som er vanskeleg nok utan å i tillegg vere fødd i feil kropp. Men det er ikkje berre ei bok om kjønnsidentitet og å finne sin eigen veg, det er òg ei bok om familie og dei banda som er uløyselege. Forholdet mellom Nikolai og bestefaren er så utruleg vakkert skildra at det er umogleg å ikkje få tårer i auga.

Klakegg meistrar kunsten å skape sympati for alle karakterane sine, og samstundes gjere dei til komplette og truverdige menneske. Til dømes Inger, som verkar så dømmande og ikkje aksepterer at Nikolai ikkje lenger er Nina, vert ein så godt kjend med at ein føler for henne – sjølv om ein kan vere djupt usamd med ho. Det er ei bok som kan opne mange auge, og eg vonar den vil bli lese av mange, og ikkje minst bli ståande som ein del av norsk litteraturhistorie.

LES FLEIRE BOKMELDINGAR HER!