Musikkvideoen som viser både Paris, Ulriken i Bergen og Trolltunga i Odda, vart lagt ut 6. desember 2016, og har no bikka 1 milliard visningar på Youtube.

– Det er flott at Alan Walker vel å bruke heimbyen sin som kulisse for ein slik produksjon. Ein video med bilete frå Bergen som passerer ein milliard visingar, har sjølvsagt ein verdi for byen, seier reiselivsdirektør Anders Nyland i Visit Bergen til Bergens Tidende.
Musikkvideoen er regisert av: Rikkard & Tobias Häggbom.
Sjå videoen
Walker har 32,3 millionar abonnentar på YouTube.
Gjennombrotslåten hans «Faded» er den 18. mest sette videoen nokosinne, med nesten 2,7 milliardar visningar. Den musikkvideoen blei spelt inn i Aust-Europa.
Oppdatert:
onsdag 12. februar 2020 10.47