«Instawrecked»: Selfiedestinasjonar vil ta kontroll

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Instawrecked» har vorte eit omgrep som blir brukt om stader der naturen blir belasta på grunn av mykje merksemd på Instagram og anna deling.

– Det er naturen dei kjem for å sjå, og vi må passe oss for å bygge den ned eller øydelegge den gjennom det. Det er eit slags paradoks, seier ordførar i Aurland kommune, Trygve Skjerdal frå Senterpartiet, til Bergens Tidende.

Instagram-slitasje på naturen

Selfiedestinasjonar, der turistar oppsøker spektakulære stader og deler bilde på Instagram, gjer stadene meir synlege og fører til meir turisme.

Sjølv om merksemda er positiv, har det baksider som forsøpling, parkeringsproblem og slitasje. Det vil turistsjefar og ordførarar gjere noko med.

Trolltunga har gått frå å vere ein anonym destinasjon til å bli ein av dei største turistdestinasjonane på Vestlandet. Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK

Har blitt ein av dei største

Andreas Skogseth, dagleg leiar i Hardangerfjord, meiner at å utvide sesongen er eitt av det viktigaste grepa dei har gjort for å gjere turismen meir berekraftig.

– Vi får fordelt gjestane ut over heile sesongen. Ikkje berre i ein periode. Vi vil også spreie turistane ut over heile regionen, slik at presset ikkje blir for stort nokre plassar, seier han til BT.

Trolltunga har gått frå å vere ein anonym destinasjon til å bli ein av dei største turistdestinasjonane på Vestlandet, og har 169.000 treff på Instagram.

Stor auke i talet på besøkande førte til problem med forsøpling og logistikk, men Skogseth meiner dei no har betre kontroll.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Karoline (@tuttelure)

74.000 treff på Instagram

Andre populære treff på Instagram er emneknaggen #Stryn, som er brukt 74.000 gonger, #Flåm er delt 70.000 gonger, og #Aurland har 50.000 treff på Instagram.

Hoddevika på Stad med tjue fastbuande har over 5000 delingar på Instagram, og det kan komme fleire hundre dit for å surfe på ein sommardag.

Les også: