FrP-politikar på Twitter: – Akkurat nå som det var min tur i justisdepartementet
Twitter koker over av justisministervitsar etter at FrP gjekk ut av regjeringa. Les nokre av reaksjonane her.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Siv Jensen møtte eit samla pressekorps måndag ettermiddag. FrP-leiaren fortalte at partiet gjekk ut av regjering. Den beslutninga kjem etter fleire saker som dei andre partia i regjering hadde gått for, til misnøye for FrP.
Reaksjonane på Twitter var mange. Her er nokre av dei:
Innhaldsrik dag
Mykje skjedde 20. januar for politikar Sveinung Rotevatn (Venstre). Han hadde på dette tidspunktet ikkje fått med seg at Netflix skal kome med sesong to av Hjem til jul!
Spanande dag! Har hatt eit godt møte med Namsos kommune, og vore på Otterøya for å lære om sjølaksefiske. Har det skjedd noko i mellomtida?
— Sveinung Rotevatn (@Rotevatn) January 20, 2020
Alle skal få
Kjetil Alstadheim, journalist i Dagens Næringsliv, mistenker at fleire i FrP kan føle seg snytt av at partiet er ute av regjeringa:
Litt usikker på hvor viktig moment dette er internt i Frp i debatten om å gå ut av regjering, men det er faktisk fremdeles noen i partiet som ikke har vært justisminister.
— Kjetil B. Alstadheim (@kjetilba) January 20, 2020
Også stortingspolitikar for FrP, Roy Steffensen, harselerte litt med den hyppige utskiftinga av justisministrar.
Typisk akkurat nå som det snart var min tur i justisdepartementet.
— Roy Steffensen 🇺🇦 (@roysteffensen) January 20, 2020
Dusteforbod
Segway var forbudt i Noreg fram til FrP kom inn i regjering. Komikar André Ulveseter påpeikar at partimedlemane kan bruke det på veg ut.
Frp forlater regjeringen 20. januar 2020#historiskefoto pic.twitter.com/70y3qrO4pw
— André Ulveseter (@AndUlv) January 20, 2020
Frå spøk til alvor
Leiar i Miljøpartiet dei Grøne fryktar at eit FrP ute av regjering kan få negative konsekvensar for klimapolitikken:
De neste årene blir avgjørende for klimapolitikken. Vi har IKKE tid til at FrP får beholde sin innflytelse i regjeringen i ett og et halvt år ekstra.
Uryddig og uforståelig at Venstre, KrF og Høyre vil styre videre på en politisk plattform som er full av FrP-seire.
— Une Bastholm (@Uneaba) January 20, 2020
Det var fleire årsaker til at FrP forlét regjeringa. Siv Jensen uttalte til Dagbladet at begeret var fullt, noko som har blitt sagt tidlegare:
Mengden fulle begre på partikontoret til FrP januar 2020 pic.twitter.com/dfXJjNSdjr
— Eivind HM. (@eivind1984) January 15, 2020
Feiring
Yes!
Endelig er vi ute av regjeringen 🎊🎉
Nå skal det feires på god gammeldags FrP-måte! 🥂
— Emil T. Aasheim (@emilaasheim) January 20, 2020
20. januar blei ein festdag. Emil Aasheim frå FpU feira at partiet var ute av regjering, det same gjorde Simen Bondevik frå KrFU.
Flere journalister har spurt meg om hva jeg synes om at FrP går ut av regjeringen.
Dette er min eneste kommentar til saken: pic.twitter.com/KqxPmQz1bF
— Simen Bondevik (@simenbondevik) January 20, 2020
Vi tek med endå ein justisministervits på slutten:
https://twitter.com/bstandal/status/1219250135298904064?s=20