Talet på fyrverkeriskadar går ned – framleis viktig med forholdsreglar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei gamle pinnerakettane – som no er forbodne – førte til mange skadar og brannar, skadetalet gjekk merkbart ned etter at det i 2008 vart forbode med slike rakettar.

Både Norsk brannvernsforening og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) melder at bransjen dei siste åra har gitt eit meir seriøst inntrykk og at det er betre kvalitet på fyrverkeriet som er til sals i dag enn tidlegare.

– Bransjen er gjennomregulert og vi ser at skadar og brannar i samband med fyrverkeri gjekk ned etter at forbodet mot pinnerakettar kom. Dei skadane vi ser no oppstår i samband med uforsvarleg bruk og ikkje som følgje av dårleg fyrverkeri, seier Ivar Bjerke i Norsk brannvernsforening i ei pressemelding.

Gode råd

Bjerkes råd for å unngå fyrverkeriskadar er å ta vare på fyrverkeriet tørt og trygt, planleggje oppskytinga i god tid, helst medan det framleis er lyst ute, bruke vernebriller og ikkje minst lese bruksrettleiinga og halde god avstand.

Ved opptenning må ein bruke tennstav eller stormlighter, og aldri bøye seg over fyrverkeriet. Oppskytingsstaden må ikkje vere i nærleiken av hus eller brennbare ting som leidningar eller greinar frå tre. Fyrverkeriet må plasserast på eit hardt underlag og gjerne bli støtta opp for at det ikkje skal velte.

Kva meiner du om fyrverkeri?

Kva meiner du om fyrverkeri?

Ja til totalforbod!50
Privat bør bli ulovleg35
Greitt slik det er i dag24
Ja til fyrverkeri heile året273
Svar totalt: 382

Brannmånader

Desember og januar er dei to månadene i året der det brenn mest i Noreg. I desember i fjor rykte brannvesenet ut på 1.041 oppdrag som gjaldt brann og i januar i år på 1.211 oppdrag. Dei fleste av desse gjeld brann i bygningar og i skorsteinar. Også branntilløp i komfyr er høgt oppe på lista, ifølgje statistikken frå Norsk brannvernsforening. Å drikke mykje alkohol kombinert med matlaging er ingen god idé.

Fleire stader i Noreg er det òg innført totalforbod mot oppskyting av fyrverkeri. I Bergen er det til dømes totalforbod mot bruk av fyrverkeri i og i nærleiken av dei tette trehusområda. Også i Stavanger, Trondheim og Oslo er det totalforbod i enkelte område.

Mareritt for dyr

Mange dyr har det vondt på det som er kanskje den største festkvelden i året for oss menneske. Skarpt lys og høge smell er ikkje bra verken for hundar, kattar, fuglar og andre dyr.

Mange dyr, og så mange som halvparten av alle hundar, har nemleg ei eller anna form for lydsensitivitet eller fobi mot høge lydar. Hundeeigarar blir derfor oppmoda til å trene opp hunden til å bli vand med lyden ved å spele av opptak av fyrverkeri eller andre lydar, men dette er noko som må trenast opp over tid.

På nyttårsaftan er det fleire tiltak ein kan setje inn, det viktigaste er å ikkje la kjæledyret vere åleine. For hundar bør ein finne eit så lydtett rom som mogleg, som til dømes bad eller kjellar. For hundar er det òg ein god idé å sørge for ein ekstra lang tur tidleg på dagen slik at han er litt sliten.

Bruk dronevit

Det kan vere svært freistande å bruke ein drone for å ta det ultimate nyttårsbildet, men det er både ulovleg og kan føre til stygge ulykker.

Regelverket seier nemleg at det er forbode å fly hobbydronar i mørket på grunn av dårleg sikt. Av personvernomsyn og tryggingsomsyn er det heller ikkje lov å fly dronar over folkesamlingar, og dronen må halde seg 150 meter frå personar, bilar og busetnad.

Skulle ein drone bli treft av fyrverkeri, styrte mot bakken og treffe personar der kan det òg få alvorlege konsekvensar.

LES OGSÅ: Snart må du ha «lappen» for å flyge drone

Billeg kan bli dyrt

Å spare pengar på å reise over grensa for å kjøpe fyrverkeri, kan fort vise seg å vere ein dårleg idé, og føre til både bot og beslaglegging. For å importere fyrverkeri, sjølv til privat bruk, må du på førehand ha søkt om og fått innvilga importløyve frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Tolletaten minner om at ein må gå på raud sone viss ein har fyrverkeri i bagasjen, sjølv om ein har løyve på førehand. Går ein på grøn sone og blir kontrollert vil fyrverkeriet bli beslaglagt uansett om ein har løyve eller ikkje. (©NPK)

LES OGSÅ: Desse sakene hugsar me best frå 2019

Dei utstoppa dyra ingen vil ha, songdemonstrasjonar, klimademonstrasjonar, unge ordførarkandidatar, sterke historier frå pårørande og språkleg nyvinning av Disney og HBO. Her er Framtida.no sine favorittar.