Snart må du ha «lappen» for å flyge drone
Frå 1. juli må brorparten av dei rundt 460.000 droneeigarane her til lands registrere seg og ta kurs i droneflyging.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei nye EU-reglane som då trer i kraft i Noreg, skil ikkje lenger mellom hobbyflyging og profesjonell bruk. Berre dronar under 250 gram utan kamera eller andre typar sensorutstyr slepp registreringa, ifølgje Teknisk Ukeblad.
Dei som skal flyge dronar på over 250 gram, må frå i sommar dessutan gjennomføre nettkurs og bestå ei dronepilotprøve hos Luftfartstilsynet. Aldersgrensa for å fly slike dronar er 16 år.
LES OGSÅ: Leitar etter sopp med mobil og droner
Dei noverande sertifiseringskategorianeane blir òg erstatta av dei nye kategoriane «open», «specific» og «certified», som er graderte etter risikoen.
Etter planen skal Avinor Flysikring samtidig få på plass eit eige digitalt bookingsystem for luftrom i 2020. Der skal dronepilotar kunne reservere plass i det kontrollerte luftrommet. (©NPK)
LES OGSÅ: Livreddande dronar: – Eit stort framsteg