Leit etter sopp med mobil og droner
Norske studentar vil bruka avansert teknologi til soppsanking.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Leit etter sopp med mobilen
To norske datastudentar håpar arbeidet deira i framtida vil gjere det mogleg å saumfare skogbotnen etter sopp med mobilen.
NTNU-studentane Stian Jensen og Andreas Løve Selvik ser føre seg at ein på sikt kan bruke avansert biletgjenkjenning mellom anna til å finne sopp. Prosjektet er førebels berre på idenivå i ein prosjektrapport, skriv Forskning.no.
LES OGSÅ: Vil planta éin milliard tre med droner
Soppsanking er ein industri med lange tradisjonar i delar av verda, skriv Jensen og Selvik i rapporten. Dei tenkjer seg at systemet deira kan brukast til å kartleggje stader med mykje sopp før innsanking, til dømes frå sjølvstyrte dronar.
NTNU-studentane sender no stafettpinnen vidare til andre. Programmet må først utviklast og lærast opp på datamaskiner, før det eventuelt kan flytte inn i ein app på ein mobiltelefon, ifølgje Forskning.no. (©NPK)
LES OGSÅ: – Eg har drepe 13 med droner