Hjelpetelefonar blir ringde ned

Kirkens SOS fekk 830 førespurnader på 24 timar etter Ari Behns sjølvmord. Også Mental Helse opplever stor pågang.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er meir enn vanleg, seier generalsekretær Leif Jarle Theis i Kirkens SOS til Aftenposten.

Noregs største krisetelefon på telefon og internett klarte å svare på 60 prosent av førespurnadene. På chattetenesta handla over halvparten av førespurnadene om sjølvmord.

– Vi tar imot heile spekteret av hendingar, frå einsemd og psykiske problem, men no har mykje handla om sjølvmord etter Ari Behns død, seier Theis til avisa.

Nestleiar Anne Bye Sandal ved Oslo-senteret i Kirkens SOS seier til NRK at mange som har ringt inn det siste døgnet etter Ari Behns død, er vaksne menn som har vore i psykiatrien lenge og som har slite med sjølvmordstankar.

Også Mental Helse opplever stor pågang på hjelpetelefonen.

– Det skjer alltid når nummeret til hjelpetelefonen til Mental Helse blir nemnt i mediesaker og blir delt hyppig på sosiale medium, slik det har vore siste døgnet, seier kommunikasjonssjef Kristin Bergersen i Mental Helse til Aftenposten.

Bergersen seier psykiske helseplager er tema i halvparten av samtalane. Angst og depresjon kjem høgast opp.

(©NPK)