Slik blir Ari Behn hugsa

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ari Behn var eldste son av Olav Bjørshol og Marianne Solberg Behn. Han var fødd i Århus i Danmark 30. september 1972 og fekk namnet Ari Mikael Bjørshol. Etter skilsmissa til foreldra tok han mormora sitt etternamn Behn.

Dei første barneåra sine heldt han til i Danmark, England og Nord-Noreg før familien slo seg ned i Moss.

Av utdanning hadde han ein bachelorgrad i idéhistorie og religionshistorie, og ved sida av å vere forfattar og skribent, hadde han mellom anna jobba som truckførar.

I mai 2002 gifta han seg med prinsesse Märtha Louise i Nidarosdomen i Trondheim, etter å ha forlova seg med kongsdottera eit knapt halvår tidlegare. Paret fekk etter kvart tre døtrer, den første elleve månader etter bryllaupet.

Førstefødde Maud Angelica vart fødd på Rikshospitalet. Dei to yngste vart begge fødde heime, Leah Isadora i sommarbustaden til paret Bloksberg på Hankø og Emma Tallulah heime i Lommedalen.

Ari Behn var gift med prinsesse Märtha Louise 2002–2016. Her er dei saman dagen før bryllupet til kronprinsesse Victoria av Sverige og Daniel Westling sommaren 2010. Foto: Holger Motzkau, CC BY-SA 3.0-lisens

Første kongelege skilsmisse på 200 år

Hausten 2012 flytta han og prinsessa til London, der familien busette seg på ubestemt tid. Samtidig fekk han avtale med VG om å skrive fast for dei kvar veke, ei oppgåve han seinare overlét til kona si og hennar engleskulekollega Elisabeth Nordeng.

Sommaren 2014 flytta familien tilbake til Noreg og Lommedalen, der barna heldt fram med skulegangen på Steinerskolen.

I august 2016 vart Behn og prinsesse Märtha Louise skilt etter 14 år i ekteskap.

Det var den første kongelege skilsmissa på 200 år i Noreg.

I april 2017 slapp Behn uskadd frå ei utforkøyring i Bærum der bilen han køyrde vart totalskadd.

Fargerik

Med Ari Behns bortgang har kongefamilien mista eitt av sine mest fargerike og markante medlemmer. I motsetning til resten av familiemedlemmene, la han ikkje skjul på meiningane sine, verken politiske eller andre.

Han skreiv fleire bøker, som alle selde bra. For den første boka han skreiv, novellesamlinga «Trist som faen», fekk han terningkast seks i VG. Dette førte til at han tatoverte terningen på skuldra som eit varig minne. Boka selde i over 100.000 eksemplar. Novellesamlinga «Talent for lykke» frå september 2011 fekk òg flotte kritikkar. Bøkene hans vart omsette til fleire språk.

I oktober i fjor utgav Behn boka «Inferno», som fekk blanda kritikkar. Ho handlar om ein mann som går til grunne etter å ha vorte forlaten.

Ved sida av forfattarskapen var Ari Behn òg ein engasjert malar. Det tok nokre år før han stilte ut bilda sine, og verka fekk ikkje alltid positiv kritikk. Det heva han seg elegant over, og bilda vart selde uansett kritikk.

Ari Behn i 2006 Foto: Nina Aldin Thune, CC BY-SA 2.5-lisens

Kreativ

Ari Behn hadde òg andre kreative sider. Han laga fleire TV-reportasjar, mellom anna saman med fotografvennen Per Heimly. Saman med klesdesignaren Baron von Bulldog lanserte han ein smokingkolleksjon i 2004. I 2007 designa han serviset og glasserien Peacock (påfugl) for Magnor Glassverk. Begge delar har vore ein salssuksess, ifølgje produsenten.

I samband med lanseringa fortalde Ari Behn:

– Då eg kom heim frå Afrika, vart eg kalla ein posør og ein påfugl. Men møtet med landet fortalde meg at kvar dag er ein fest, og eg er eit smykke.

Han fortalde òg at han hadde vore opptatt av design, form og farge frå han var liten, og at han hadde fått mykje inspirasjon på Steinerskolen, der han var elev. Også bestefaren og stefaren hadde inspirert han.

Krangel

Vinteren 2009 tok Behn for første gong på dei åtte åra etter at han kom inn i den fremste familien i landet, til motmæle mot kritikken han meinte var urett retta mot han og familien han var inngifta i.

Det handla spesielt om meiningsytringar frå Carl-Erik Grimstad, som var tilsett på Slottet frå 1990 til 1993.

– Grimstad har tapetsert Noreg med kronikkar om den tidlegare arbeidsplassen sin, Slottet, hevda Ari Behn, som «trua» med å bruke Grimstad som rollemodell for ein av karakterane i den nye boka si.

Nokre månader seinare kom boka «Vivian Seving», der både Grimstad og andre kjente personar er lett attkjennande i persongalleriet – men under andre namn.

Før boka kom på gata vart forfattaren intervjua av gratismagasinet Massiv, der han mellom anna fortalde at han var deprimert og einsam og ein svært vanskeleg person å leve saman med. (©NPK)

LES OGSÅ: Ari Behn skapte oppstuss då han gifta seg med Märtha Louise i 2002. Les Frode Grytten sitt tenkte filmmanus «Apokalypse No (Redux Delux)» frå 2002

Trenger du nokon å snakka med?

Hjelpetelefonen til Mental Helse: 116 123 er ei døgnopen telefon- og netteneste for alle som treng nokon å snakka eller skriva med

Krisetelefonen til Kirkens SOS: 22 40 00 40 er ein døgnopen krisetelefon for menneske som er i følelsesmessig eller eksistensiell krise, og for den som tenker på å ta sitt eige liv. Kirkens SOS har også ein anonym chat på nettsidene sine https://www.soschat.no – den er open på kveldstid.