Framtida
Publisert
Oppdatert 26.12.2019 12:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

INTERIØR, MORGON

Kamera sveiper over eit hotellrom i Las Vegas. Morgonen etter ein hard fest. Viftene går i taket. I ein sofa snorkar ei halvnaken polsk blondine, leppestift smurt ut over. Kamera sveipar vidare. Ein mann ligg i senga kledd i bare undertøy. Det er filmens helt, Ari Behn. Heile tida blir desse bilda blanda med flimrande bilde av den norske kongefamilien på ski i påska. Musikken er Ole Ivars sin norske versjon av Doors-låta: ”The End”.

Telefonen ringer ein plass i rommet. Ari Behn vaknar, ser seg groggy rundt, forstår ikkje kvar lyden kjem frå. Står opp frå senga, kviskrar: ”Hver dag er en fest, og jeg er et smykke”. Han skjærer seg på ei hundre dollars vinflaske. Men Ari bare smiler: ”Det er smil gjennom tårer”, kviskrar han.

Torleiv Grue ringer frå Norge. Forlagssjefen har eit hemmelig oppdrag til Ari Behn. Han må komme heim, han skal bli den vesle prinsen. Ari Behn sjanglar blodig i dusjen mens han kviskrar: ”En pluss en er tre…”

EKSTERIØR, ETTERMIDDAG

Karl Johans Gate, Oslo. Ari Behn med vennar (Kåre Conradi, Trond Giske, Jono El Grande), er på veg opp nedste del av gata i open bil. ”VI ER DET NYE BRENNEVINET!” ropar Ari Behn til folk mens dei susar avgarde. Mange skvett til side og viser fingeren til denne nye versjonen av the rat pack som fresar gjennom gågata. Frå bilen hiv dei ut små kinaputtar. Ari Behn, kledd i mørk designerdress, jublar: ”Jeg elsker lukten av kinaputter om morgenen!”

I Spikersuppa stansar dei. Ari Behn skal ha ei opplesning. Men før han får dradd fram den vesle boka si frå designerbuksa der han har den store tingesten sin, kjem eit helikopter dalande ned frå himmelen. På begge sider av fartøyet er det målt ei Playboy-bunny. Ari og hans gjeng stirer spent og forundra mot himmelen.

Helikopteret landar midt i Spikersuppa. Lufttrykket bustar til Aris hår, han forsøker å få det til å ligge perfekt igjen. ”DU MÅ FÅ DÆ SLIK FRISYRE SOM Æ HAR!” ropar Trond Giske. Ut av helikopteret kjem Erik Fosnes Hansen. Han er kledd i matrosdress, og får ein mikrofon i handa. Folk i Spikersuppa jublar.”God eftermiddag!” ropar Erik Fosnes Hansen. ”La meg få presentere: en utrolig litterær stemme, en spennende formidlingsinstans, men først og fremst: en prinsesse som byr på seg selv! Rytterprinsessen!”

Ut stig Märtha Louise. Ho er halvnaken, kledd i utfordrande cowboykostyme. Ole Ivars spelar ein sexy versjon av ”Suzy Q”, i norsk versjon: ”Märtha L.” Ho gjør utfordrande rørsler med hofter og underliv. Så sit ho seg ned og tar til å lese eventyret om ”Askeladden”. Folk jublar for kvar setning.

For Ari er det kjærleik ved første blikk. Ari Behn ropar til Kåre Conradi: ”Må ha henne, må bare ha henne!” Han forsøker å komme seg fram til scena og prinsessa. Men no er alle på veg fram mot prinsessa, alle dei eventyr- og sex-svoltne nordmennene, mellom anna ein siklande Kjell Totland som forsøker å halde styr på lommetørkleet i jakkelomma. Det er eit kolossalt trykk, alle blir pressa framover. Ari og gjengen stormar fram, men Erik Fosnes Hansen kjem i vegen. ”Hun er min!” seier Fosnes Hansen, ”min eventyrprinsesse!” Ari kastar seg etter helikopteret, får tak i eine flottøren, men må etter kvart slippe taket og plaskar ned i fontena i Spikersuppa. Märtha forsvinn opp mot den blå himmelen og flyg tilbake til slottet.

EKSTERIØR, KVELD

Gutta på tur held rådslagning. Korleis kan Ari Behn bli den vesle prinsen? Korleis kan han vinne prinsessa og halve kongeriket? Dei finn ut at han må gjøre diverse kunststykke for å imponere prinsessa. I alle fall må han ha seg ein tattooo. Det er heilt grunnleggande. No går filmen over til å bli ein rein animasjonsfilm. Trond Giske er Ari sin hjelpar, han som er så lett på foten, han som spring til verdas ende og kjem tilbake igjen. Med seg har han ein tatovør som brenn inn ein seksar på overarmen til Ari.

Dokumentarfilm. Aris hjelparar har fått for seg at Ari må bli ein tv-person. Dei sender han til Moss for å lage ein dokumentarfilm om mossingane. Dessverre hamnar Ari i Fredrikstad, men her snakkar han lett og ledig med folk om korleis mossingane er, mens han stirer lengselsfullt mot Moss. Voice-over, Aris stemme: ”Mossingene er utrolig imøtekommende, et varmt folkeferd, skulle ønske at jeg kunne lese boken min for dem.”

EKSTERIØR, MORGON

Vanlig film igjen. Tåke. Stille. Gutane har kjempa seg fram til Slottsplassen. Ned trappa kjem Eli Hagen susande, det er så vidt Ari og karane får svingt unna. Eli held fram nedover, meier ned tre pakistanarar frå b-gjengen. Når Ari & Co endelig kjem seg opp på plassen, står det ein fotograf og ventar på dei. Han har briller, panneband, feitt hår og drøssevis med kamera på magen. Det er Per Heimly. ”Æ e en slave av mæ sjøl!” skrik Per Heimly. ”ÅSSÅ E Æ KONK!” Han forsøker å selge gamle nakenbilde av Ari Behn for to millionar norske kroner.

Over alt på Slottsplassen ligg det lik, alle eks-kjærastane til Mette-Marit og Märtha Louise, alle eks-elskarane til Sonja, dei som forsøkte å nå fram til hjarta deira, men som mislukkast. Alle stallgutane som blei dumpa, alle sprangryttarane som fall av hesten, alle playboyane som bukka under i perioden før Mette-Marit blei jomfru. Kamera sveipar over alle lika, dei som heng frå balkongen og dei som ligg under raude teppe på Slottet, dei som har hengt seg i lysekronene.

Per Heimly ser Ari Behns reaksjon: ”Av og tæ går han for langt. Men Kongen sjøl e den første til å innrømme det!” Per Heimly går ned på kne. ”Æ e en liten mann, Kongen e en stor mann!”

No kjem det endå fleire pressefotografar til, paparazziar og journalistar. Alle er Per Heimly-kloningar, små samar med plirande auge og Charles Manson-haldning, heile Slottsplassen er full av tabloidfykar som kjem frå Akersgata og spanske magasin. Fredrik Skavlan er der, Kjell Totland er der. Anne Grosvold er nær ei nedsmeltning: ”Dette er fantastisk dere, det er rett før jeg tisser på meg!” Ho klyngar seg til Geir Helljesen som ropar inn i mikrofonen: ”Jeg HAR allerede tisset på meg!”

INTERIØR. NATT

Ari Behn med kamuflasje-maling i ansiktet og elles ulastelig kledd i designerdress går gjennom rom etter rom på slottet. Voice-over, Aris stemme: ”Det luktet som sakte død her inne, mareritt, Sonja, protokollsjefer, sad as hell”.

I det aller siste rommet stansar han framfor Kong Harald. Kongen har tatt seg ein drink og sit halvnaken på golvet. Snøvlande øvar han på nyttårstalen: ”Kjære lensmenn, samer og på havet…”

Harald ser ikkje opp på Ari, bare veit at Ari er der, treng ikkje sjå opp på han, veit at Ari har komme for å gjøre det lenge varsla fadermordet. Kongen snøvlar: ”Ari, skal du gjøre det nu? Skal du drepe meg, Ari?” I bakgrunnen tonast Ole Ivars opp. Ein reggae-versjon av The Doors: ”Nå, er´e slutten, gammer´n.” Ari seier endelig noko: ”Jeg har kommet for å rydde bordet… Fadermordet, den klassiske disiplinen…”

Kryssklipping til slottsplassen der Rimi-Hagen og Bjarne Håkon Hansen har stilt opp ein belgisk blå. Dei hevar matchetane og kuttar oksen i kotelettar som dei straks grillar for å dele med alle som har samla seg til folkefest.

Endelig ser Kongen opp på Ari: ”Skal du drepe meg, Ari? Skal du?” Kongen mumlar noko om at han ikkje orkar å ende opp som prins Henrik i Danmark, vere nummer tre eller fire i kongefamilien. Det er betre om Ari gjør fadermordet no, det er det han vil, det er det han ønskar seg.

Ari seier: ” Jeg har den største pikken!” Kongen bare ser sløvt på han. ”Min valpetid er over”, hissar Ari. Kongen kviskrar: ”Redslene, Ari! Redslene!” Men Ari hører han ikkje lenger: ”I am a free spirit!” seier Ari.

Så gjør han det. Fadermordet. Det endelige fadermordet. Musikken mot klimaks, glir umerkelig over i Ole Ivars-versjonen av ”No Woman No Cry” – ”Nå gå´re for meg”. Innklipp av Bjarne Håkon Hansen som gumlar i seg belgisk blå. Glimt frå gutane sin strabasiøse tur opp Karl Johan.

EKSTERIØR, NATT

Ari Behn kjem ut på slottsbalkongen. Jubel frå folket. Ari Behn er kledd i Kongens gamle, altfor trange boblejakke. I høgrehanda har han hovudet av gamlekongen. Han løftar det avkutta hovudet mot himmelen. Inn frå høgre kjem Märtha Louise. Ho kyssar den blodige Ari på kinnet, ropar til folket: ”Her er mannen jeg vil dele resten av mitt liv”. Så grin ho litt. Heile tida hører ein Kongen si stemme i bakgrunnen: ”Redslene, redslene…”

THE END