Frank Kjosås skal spele Gud

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal spele Gud i Broadway-komedie på noregsturné

Skodespelar Frank Kjosås har spelt over 300 førestillingar med religionssatire i The Book of Mormon på Det Norske Teatret. No skal han portrettere skaparen sjølv i Broadway-komedien An Act of God. Førestillinga har premiere på Chat Noir i Oslo 17. januar og skal også ut på noregsturné.

– Med både Judas, Jesus og mormonar på CV-en føltest det nesten obligatorisk å takke ja til rolla som Gud. Publikum kan glede seg til ei fantastisk morosam førestilling der Gud kjem for å oppklare kva han faktisk meinte med dei ti boda – denne gongen utan fordyrande mellomledd, seier Frank Kjosås i ei pressemelding.

Svarar på spørsmål frå salen

I førestillinga får vi svar på spørsmål som kvifor det skjer fæle ting med gode menneske, kva Gud meiner om homofili, kvifor menneske drep kvarandre og om blir bønnene våre høyrde. I tillegg vil «Gud» vil også ta imot spørsmål frå salen.

An Act of God hadde premiere på Broadway i 2015 og har vore spelt av namn som Jim Parsson, kjend som Sheldon Cooper i Big Bang Theory og Sean Hayes kjend frå Will and Grace. Stykket er skrive av den amerikanske komikaren David Javerbaum som også står bak twitterkontoen @TheTweetOfGod med over 6 millionar følgarar. (©NPK)

Foto: Pressebilete. Collage: Framtida.no