«Gi meg ei reform-reform»

Dordi Boksasp Lerum
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Som Sogn og Fjording er eg ein av mange som blir råka av reformene til regjeringa. Om nokre dagar kan eg ikkje lenger seie at eg er frå Sogn og Fjordane. Dette fordi regjeringa har bestemt at fylket mitt er eit av offera for regionsreforma.

Trivselsfylket blir altso lagt ned, og regionsreforma blir ein dødsdom for det som er eit yrande næringsliv, levande bygder og ein desentralisert og tilpassa samfunnsstruktur. No skal politikarar i Bergen ta over, og sitta å bestemma over det som skal skje i Luster, Stryn og Askvoll, milevis unna. Dette kjennest ikkje greitt ut.

Regionsreforma blir ein dødsdom

I samband med regjeringa sine reformer, blir arbeidsplassar i heile Noreg flytta ut frå distrikta og inn til byane. Ein ser mellom anna arbeidsplassar i Nav som allereie er blitt flytta og sentralisert, 237 skattekontor som kjem til å bli lagt ned, og innanfor helsesektoren blir arbeidsplassar flytta rundt på som brikker i eit slu spel. 

Regjeringa gjere det vanskelegare og mindre ettertrakta å bu ute i distrikta. Når eg skal utdanna meg må eg flytte til ein av storbyane i Noreg for å ta den utdanninga eg vil ha. Eg fryktar at eg aldri skal kunne flytte heim igjen grunna mangel på arbeidsplassar. Ein kan ikkje bu på plassar der det ikkje finnes arbeidsplassar, det seier seg sjølv. 

Ikkje berre kjennest reformene ut som eit svik mot meg som enkeltperson, men eg meiner at heile reformsgalskapen er uklok og svekkjer Noreg som nasjon. Når dei heilt basale tenestene som sjukehus, politi og domstolar blir sentralisert har det gått for langt. Fødande kan ikkje ha fem timar til nærmaste sjukehus, politiet kan ikkje berre vere dresskledde folk inne på eit kontor, og domstolane som statsmakt bør vere rundt om i heile landet vårt.

Reformsgalskapen er uklok og svekkjer Noreg som nasjon

Skulle eg ramsa opp alle konsekvensane av regionsreforma og alle dei andre reformene til regjeringa, kunne eg brukt fleirfaldige fleire sider. Enkelt og greitt har reformene til regjeringa gått for langt. Alle reformene til regjeringa bør oppløysast, om ikkje får me eit land der skilnadane på by og land blir større, og der distrikta blir gravlagt, og det vil me vel ikkje?

Den einaste reforma me treng no er ei reform-reform.

Har du noko på hjarte? Send til tips(a)framtida.no.

Les også meiningsinnlegget om statsministeren sine nye statsrådval: Erna Solberg legg opp til polarisering og svekka tillit