Strøymegodbitane vi gler oss til

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 20.12.2019 16:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På HBO har dei julepakken klar, med tre store serienyhende på løpande band: «A christmas carol», «Avenue 5» og «The Outsider.»

The Outsider er ein serie basert på Stephen King-boka med same tittel. Dette er ein serie det knyter seg betydeleg spenning til, og datoen interesserte må merke seg er 13. januar. Då kjem to av dei ti episodane i serien. Deretter vil det komme éin ny episode kvar veke, på måndagar.

Opptakta til mysteriedramaet er det brutale drapet på ein gut i ein amerikansk småby. Politietterforskar Ralph Anderson (Ben Mendelsohn) får jobben med å finne ut kva som har skjedd med Frankie Peterson, og han søker hjelp hos privatetterforskaren Holly Gibney (Cynthia Erivo). Jason Bateman (kjent frå mellom anna «Ozark» og «Arrested Development») dukkar opp i rolla som den lokale – og ikkje reint lite mystiske – fotballtrenaren.

Serien blir produsert av Mendelsohn og Bateman, medan manuset er forfatta av Richard Price («The Wire», «The Night Of»), som også er utøvande produsent.

A christmas carol på HBO

Men først vil HBO setje oss i real julestemning, og det gjer selskapet med ei nytapping av Dickens ikoniske spøkelseshistorie: Sjølvaste A Christmas Carol.

Den ferske miniserien tel tre 60 minutt lange delar som blir tilgjengeleg på HBO Nordic 23. desember. Det er Disney som har vore i sving, og dei har hyrt Steven Knight til å skrive – og dessutan produsere saman med kjenningar som skodespelar Tom Hardy og regissør Ridley Scott.

Guy Pearce stiller i rolla som Ebenezer Scrooge. Foto: Robert Viglasky/FX NTB kultur

Igjen skal vi følgje Scrooges spektakulære opplevingar saman med tre spøkelse, og i rolla som den mareforfølgde Ebenezer Scrooge møte vi Guy Pearce. Andy Serkis, Stephen Graham og Charlotte Riley er òg på rollelista.

Hugh Laurie i Avenue 5

Smått stjernespekka blir det òg når Avenue 5 landar på skjermane 20. januar. Ingen ringare enn Hugh Laurie stiller i hovudrolla når denne komiserien gjer seg gjeldande – og tar oss med 40 år fram i tid. Romturisme har vorte vanleg, men noko går gale på «cruiseskipet» for vår mann, kapteinen (Laurie) som styrer skuta.

Serien kjem frå serieskapar Armando Iannucci, som har skrive og regissert ei rekke kritikarroste TV-produksjonar.

Ny sesong av Okkupert

Viaplay lokkar med den moderne klassikaren Love Actually som har fått ein heilt spesiell plass i hjarta til mange nordbuarar. Filmen er på plass i «katalogen» frå 21. desember.

I tillegg byr Viaplay på den ikkje mindre klassiske Hobbiten-trilogien – og Frost.

Noko norsk får vi òg med oss, i og med siste sesong av Okkupert – som kjem med nye episodar gjennom heile desember.

Ein annan populær gjeng som blir å sjå i jula i regi av Viaplay, er karakterane frå South Park.

Premiere av Hamilton på TV2

Også C More vil lokke TV-sjåarar i fleng i jula, og melder at den britiske thrilleren The Capture, som har fått høge terningkast frå meldarane, hadde premiere allereie 26. november og tel åtte delar.

Store forventningar er det òg til spenningsserien Hamilton med Jakob Oftebro som agent. Teppet går opp 1. januar på C More og TV 2 Sumo.

Det er klart for ei av tidenes største dramasatsingar frå C More. I hovudrolla ser vi Jakob Oftebro som agenten Carl Hamilton. Foto: C More / TV 2 / Handout NTB kultur

C More byr vidare på godbitar til dei minste i familien, i form av Biler og Fly frå Disney, og dessutan Paddington 2, Småkrypenes magiske hage og Trollkongens hale.

Vaksne C More-sjåarar kan glede seg over at Fifty Shades Freed er på menyen, det same er Greta Gerwigs kritikarroste drama Lady Bird med Saoirse Ronan i hovudrolla.

Og som ein ikkje så reint liten bonus: Ringenes Herre-trilogien er på plass i tilbodet frå 1. desember.

Ekteskapstrøbbel og rojal baby

Jula er allereie godt i gang på Netflix der den norske originalserien Hjem til jul, med Ida Elise Broch i hovudrolla, har vore tilgjengeleg sidan 5. desember.

I tillegg har mange rokke å glede seg over ein slags moderne versjon av «Kramer mot Kramer»: Det kritikarroste filmdramaet Marriage Story med Adam Driver og Scarlett Johansson i rollene.

I tillegg byr julemånaden på storstilt fantasy med The Witcher, som blir sjøsett 20. desember med Henry Cavill i hovudrolla som Geralt.

Action og spenning blir det òg i Michael Bay- regisserte 6 Underground med Ryan Reynolds i hovudrolla.

Vaskeekte julestemning blir vi bodne på òg, i form av A Christmas Prince: The Royal Baby: Ein film som følgjer opp to romantiske komediar.

Vidare grev Netflix djupt i skattekista og byr på to verkelege klassikarar i desember med Grease og heile Gudfaren-trilogien på menyen.

«Ragnarok» er skildra av Netflix som ein thriller og ein action- og eventyrserie. Foto: Netflix