Me opnar dagens luke i Juleheisen og kikar inn i 21. etasje, i år 2017.

Kva skjedde i 2017? 

Året er prega av over 1000 terrorhandlinga verda over, deriblant sjølvmordsbombinga på Ariana Grande-konsert i Manchester, svoltkatastrofen i Jemen og brannen i Grenfell Tower i London.

I Noreg følgde vi rettsaken mot korrupsjonsanklaga Eirik Jensen, «Havnesjefen» terroriserte innbyggjarane på Osøyro, og landet heldt tidvis pusten i påvente av at Mannen skulle dette (den gjorde ikkje det).

Dette lytta me til

Med mindre du har fortrengt det, så kjem det vel ikkje som eit sjokk for nokon at låten vi høyrde mest på i 2017 var «Despacito» av Luis Fonsi og Daddy Yanke, saman med Justin Bieber.

Heile 16 veker heldt den på førsteplassen på VG-lista. Det er berre fire andre songar som har trona på toppen så mange veker i strekk, og det er 26 år sidan sist.

Musikkvideoen er også den mest sette videoen på YouTube gjennom tidene. Den er spelt av nesten 6,6 milliardar gongar. Det er 2 milliardar gongar fleire enn andreplassen, Ed Sheeran-låten «Shape of You».

(18 år gamle Elise var ingen stor fan av songen, og skreiv i Framtida: «Eg meiner vi må helt tilbake til svartedauden for å finne ein liknande landeplage»)

Dette såg me på kino

Star Wars: The Last Jedi lokka flest nordmenn til kinosalen. Heile 401 785 billettar vart selde til den åttande filmen i Star Wars-serien.

På andreplass var det einaste norske innslaget i toppsjiktet, nemleg Askeladden – I Dovregubbels hall med 354 196 besøkande.

Så følgjer Skjønnheten og Udyret og Grusomme meg 3 som perler på ei snor.

Dette sa me

Ordet på alles lepper var falske nyheiter, noko Språkrådet også anerkjende i si årlege kåring.

Ei lita stund var det også nokre av oss som sa covfefe. 

 

Internett var på si side veldig opptekne av å påpeike når noko var extra, i tydinga «for mykje/dramatisk/krevjande».

Kan eg få eit døme på nokon som er litt extra? spør du. Sjølvsagt, her annonserer Beyoncé at ho var gravid:

Dette hadde me på oss

I 2017 skulle vi gå i mykje dongeri-stoff og me skulle ha himla dominerande øyredobbar.

Dingsen alle ville ha

Alle born (og mange vaksne) ville ha ein fidget spinner å dille med. Butikkane sleit med å dekke etterspurnaden, og nokre stadar etablerte skulebarn sin eigen svartebørs for spinneri.

Som om ikkje det var nok, nokre astronautar tok dingsen med seg ut i verdsrommet.

(Dette er ikkje astronauten.)

Dette lo me av

«Trollpikken» vart utsett for hærverk i juni, og ordspela let ikkje vente på seg.

I si første sak om hærverket skreiv Dagbladet i ingressen: «Ble lansert som nytt turistmål, nå blir det vanskelig å få futt i de potente planene».

«Bilder av steinen, som er gjengitt av avisa, viser tydelig at det er snakk om langt mer enn en omskjæring. Hele steinen har knekt i to,» held avisa fram i sjølve artikkelteksten.

Til glede for mange vart «Trollpikken» sett i stand igjen i byrjinga av juli, når humorkvota var overfyllt.

Elles så flira vi godt av «distrahert-kjærast»-memen og den dramatiske krydderkongen salt bae.

Samstundes brukte alle denne GIFen, når dei hadde lysande gode idear:

Dette snakka me om

1. #Meetoo

I oktober publiserte avisa The New York Times ein artikkel om Hollywood-mogul Harvey Weinstein og ryktene som i fleire år hadde florert om åtferda hans. I artikkelen står fleire kvinner frå filmbransjen fram og fortel om korleis Weinstein hadde seksuelt trakassert og forgripe seg på dei.

Kort tid etterpå la skodespelar Alyssa Milano ut ei melding på Twitter, der ho oppmoda kvinner som hadde opplevd noko liknande om å nytte emneknaggen #metoo.

Stadig fleire kvinner stod fram med sine opplevingar og erfaringa, og rørsla spreidde seg til heile verda.

2. Kendall Jenner skapar fred med Pepsi

Kven visste at alt vi treng for å skape fred i verda er Kendall Jenner og Pepsi? (Eller ikkje.)

Den då 21 år gamle modellen stilte opp i ei reklame for brusgiganten Pepsi.

I filmsnutten ser ein poserande Jenner ei rekkje unge demonstrantar gå forbi, og ho kastar av seg parykken for å verte med.

Då demonstrasjonstoget møter politiet, så får ein politimann ein Pepsiboks av Jenner, og plutseleg er alle einige om alt.

Reklamefilmen vart kritisert for å vere tondøv og herme etter Black Lives Matter-rørsla.

Bilete av ein smilande Kendall Jenner som står tå-til-tå med ein politimann var ein enorm kontrast til aktivisten Ieshia Evans som året får stod mot ein vegg av politi i full opprørsuniform.

Sjølv Bernice King, dottera til Martin Luther King Jr engasjerte seg i debatten:

Pepsi enda opp med å trekke reklamen, og innrømma at dei hadde bomma.

3. Sverre Magnus dabbar

I mai feira kongeparet 80 år, og helste på folket frå balkongen på Slottet.

Det var ikkje lenge dei fekk sole seg i glansen, før då 11 år gamle prins Sverre Magnus stal rampelyset med å dabbe.

Klippet av den unge prinsen gjekk verda rundt, og TIME erklærte fort at «der er ein ny ung kongeleg som har kapra hjartet til internett»!

Oppdatert: onsdag 29. januar 2020 15.26

LES OGSÅ

ANNONSE