Maria Navarro Skaranger får Bjørnsonstipendet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Maria Navarro Skaranger romandebuterte i ein alder av 20 år vart ho kalla «en litterær naturbegavelse» av Dagbladets meldar.

No vert den unge forfattaren tildelt Bjørnsonstipendet 2019.

Suksessdebuten

Stipendet er på 25.000 kroner og går til ein forfattar det er grunn til å knytte betydelege forventningar til. Skaranger skal motta heideren den 30. januar Chateauet i Molde, som var heimbyen til Bjørnstjerne Bjørnson i tenåra.

Den unge forfattaren vart tildelt Debutantprisen 2015 for «Alle utlendinger har lukka gardiner». For debuten, som vart selt til Dannmark allereie før den norske utgjevinga, vart ho òg nominert til Tarjei Vesaas Debutantpris.

I 2018 kom «Bok om sorg (Fortellingen om Nils i skogen)», som ho fekk Osloprisen for.

Same pris som Knausgård

Juryen for Bjørnsonstipendet meiner forfattaren gjennom sine to vidt forskjellige romanunivers har vist at ho har eit rikt språkleg og tematisk repertoar.

Festivalsjef for Bjørnsonfestivalen, Johild Kosberg Bredin, meiner Maria Navarro Skaranger definitivt skil seg ut frå mengda av unge forfattarar.

─  Ho har allereie presentert seg som ein uføreseieleg forfattar både gjennom språk og innhald, seier festivalsjefen i pressemeldinga.

Stipendet er Bokhandlerforeningen sitt forfattarstipend. Det har vorte delt ut sidan 1997 i samarbeid med Forfatterforeningen og Bjørnsonfestivalen.

Blant tidlegare vinnarar er namn som Karl Ove Knausgård, Carl Frode Tiller, Gunnhild Øyehaug, Ida Hegazi Høyer, Anna Kleiva og Marianne Clementine Håheim.