Har du høyrt om Giving Tuesday?
På Giving Tuesday kan du gje av det du har; tid, klede, pengar, signere ein underskriftskampanje eller donere blod til blodbanken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Gløym Black Friday! Gje på Giving Tuesday, seier Mats Zuccarello i ei Facebook-annonse for Zuccarellostiftelsen.
Dei jobbar for at flest mogleg barn og unge i Noreg skal kunne delta i idrettsaktivitetar og er ein av mange ideelle organisasjonar som har kasta seg på den giverglade dagen.
Giving Tuesday starta i 2012 i New York som ei naturleg følgje av Thanksgiving og store «shopping-event» som Black Friday og Cyber Monday. På sju år har dagen spreidd seg til over 100 land.
Ny amerikansk tradisjon
I Noreg vart dagen første gong arrangert i 2017. Initiativtakarane var Youtube-nettverket Nordic Screens, innsamlingsteknologi selskapet Puzzel og Norges Innsamlingsråd.
– På Giving Tuesday kan du gi tid, engasjement, pengar, klede, blod – kva som helst. På denne dagen går fokuset vekk frå deg sjølv og over på gode formål, seier Solfrid Bøe, ansvarleg for privat innsamling i Redningsselskapet, i ei pressemelding.
På Giving Tuesday fokuserer Redningsselskapet på å gi vekk gratis opplæring innan førstehjelp.
I år som i fjor inviterer Redningsselskapets til gratis opplæring for publikum og tilsette der dei har kontor, til å få prøve både hjartestartar og manuell hjarte- og lungeredning på øvingsdukker.