Tidenes beste julekalender – stem på din favoritt!

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 01.12.2022 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er oppdatert i 2022. 

Julekalender på TV har no vorte ein like sterk tradisjon før jul som pepperkaker, gløgg, mandarinar, folk som påpeiker at det eigentleg er klementinar, og julebrus.

Den første julekalenderen på norsk TV kom allereie i 1970 med serien Barnas førjulskalender 1970, men tradisjonen tok ikkje skikkeleg fatt før ni år seinare med klassikaren Jul i skomakargata.

I 1989 slengde TVNorge seg med i juledansen, og i 1994 også TV 2.

Men kva julekalender er din favoritt? Vi tek ein gjennomgang i kronologisk rekkefølgje:

Jul i Skomakergata (1979)

Denne gamle travaren vart først synt på TV då syttitalet var på hell, og har sidan vorte send fleire gongar, seinast i 2003.

1979 var FNs internasjonale barneår, og i kvar episode presenterer Tøfflus og Skomaker Andersen ein kort videosnutt som forklarar ein av barns rettar.

For nokre år sidan bestemte NRK at Jul i Skomakergata aldri meir skal sendast i jula, sidan den ikkje lenger er særleg aktuell for born.

Men om jula di ikkje vert den same utan 24 episodar med Henki Kolstad i runde briller og ein snakkane tøffel til makkar, så kan du framleis strøyme den på nett.

(Og du bør kanskje skunde deg, for den kan forsvinne!)

Teodors julekalender (1986)

I denne julekalenderen møter ein bamsen Teodor, som bur i ein trestamme i skogen, og Portveien 2-programleiar Eli Rygg.

Også denne gamle julekalenderen kan du sjå på nett! 

Portveiens julekalender (1987)

Eli Rygg er ein skikkeleg juleveteran, og dukka opp også året etter for å leie sjåarane gjennom ventetida fram mot jul.

Då utan Teodor, men med Portveien 2-makkar Jarl Golli.

Han er nok best kjend for dagens ungdom* som artisten bak hitlåten «Ta en potet».

Den største arva frå Portveiens julekalender er gjerne adventssangen «Tenn lys», som har vist seg å ha eit mykje lengre liv enn serien den stamma frå. Den kom til og med inn i salmeboka!

*Eventuelt frå Farmen kjendis: «LAVRAN!»

Portveiens julekalender har igjen dukka opp i nettspelaren til NRK, så det er berre å slå seg laus.

Vertshuset den gyldne hale (1989)

«Velkommen, velkommen
til store og til små.
Velkommen, velkommen
til deg som titter på.
I vårt vertshus Den gyldne hale
må vi bruke teikn og tale.
Sett deg ned og følg med no.»

Klassikar! Kor ofte er ein julekalender like mykje lagt til rette for både høyrande og ikkje-høyrande? Det er ikkje kvardagskost.

Har du gløymt denne julekalenderen? Du kan sjå oppatt heile her!

Julestua med Skipper og Trygve (1989)

TVNorge sin første julekalender var etter alt å dømme ingen brakande suksess. Det er nemleg lite informasjon å grave fram om Julestua med Skipper og Trygve.

Musikarane Ivar Skippervold og Tryve Wikstøl song adventstida ut, og jula inn, med barn. Kalenderen vart sendt også året etter.

Jul på Sesam stasjon (1992)

På tidleg nittital vart det jul også på Sesam stasjon. Der følgjer ein dei kjende karakterane i juleførebuinga, og i forsøket på å skaffe eit piano i julegåve til Leonora.

Serien vart sendt i reprise fire år seinare, men har sidan ikkje sett fjernsynets lys. Det er jo litt rart for alle barn vil vel sjå Bjarne Betjent som julenisse?

The Julekalender (1994)

Yeah, it’s hard to be a nissemann! I alle fall når ein får kommentarar av denne typen slengt etter seg: «You are the one with the ugliest klær and the longest face».

The Julekalender har vorte ein udødeleg klassikar for TV 2. Dei trudde kanskje det kom til å verte heilt «bob-bob-bob», men det vart «bærre lækkert».

Trudde du kanskje The Julekalender var norsk julekreativitet på sitt beste? Neida, det er dansk julekreativitet på sitt beste. (Sjå også Olsenbanden lenger nede.)

Om du saknar Fritz, Hansi, Gynter, Gjertrud, Olaf og Benny, så kan du få eit gjensyn med dei i TV 2 Play.

Amalies jul (1995)

Kvar einaste dag i desember lyt Nisseungen ut for å gjere nissestrekar og nissegleder, viss ikkje får han ikkje verte langluenisse til jul. Og då vert det ikkje jul. Huset på garden der nissane bur, kan ikkje stå tomt, for då vert det heller ikkje jul.

Klassisk juledrama!

I Amalies jul bur nissefamilien over stallen. Foto: Odd G. Iversen/NRK

(Morofakta: Blomster-Johan var faktisk på TV 2 før Blomster-Finn!)

Heile Amalies jul kan du faktisk sjå i NRK sin nettspelar!

Julefergå (1995)

Julefergå freista å hoppe etter Wirkola (eventuelt The Julekalender), men det vart eit aldri så lite mageplask.

Serien gjekk føre seg på sunnmørsferga MF «Svelå», samt i vraket av ei cubansk skute som hadde gått ned på Mørekysten. Det var skattar, spøkelser og sveler i ei salig blanding. Det høyrest jo ut som ei suksessoppskrift?

Det norske folk var ikkje klare for denne julekalenderen, og sjåartala kunne ikkje samanliknast med dei frå The Julekalender året før.

– Hadde Julefergå kome først, ville det sannsynlegvis vore kroken på døra for all julekalenderproduksjon i TV 2, sa kanalen til Dagbladet i 2001.

Julefergå la likevel frå kai i fleire år. Om du vil sjå Sunnmøres store stoltheit (sorry, Karsten Warholm) i årets adventstid, så lyt du nok ha DVD-spelar, dessverre.

Meir ferge til folket! seier no eg.

Jul i Blåfjell (1999)

Dette er julekalenderen som førte til at alle gjekk med blå tova ullhuer på hovudet i fleire år.

Kva andre juleseriar kan skryte av Gullruten for beste tv-drama, Spellemannspris for beste barneplate, og ei teaterframsyning? Ingen andre! (Sjølv om eg gjerne skulle sett Julefergå på scena.)

Turte (Suzanne Paalgard) og Tvilling (Mikkel Gaup) var hovudrollene i juleklassikaren Jul i Blåfjell. Foto: NRK

Serien har vorte sendt på TV fem gongar, men kvart einaste år er det nokre nostalgiske sjeler som vil ha gjensyn med Turte og Tvilling. I 2015 vart det faktisk arrangert fakkeltog for å få Jul i Blåfjell tilbake på TV-skjermen i adventstida.

Det er likevel til inga nytte, for NRK har bestemt å ikkje vise den att på TV, då også denne er utdatert. Heldigvis, finn du han på nettspelaren.

Dagbladet sine lesarar i 2018 kåra favoritt-julekalender gjekk Jul i Blåfjell av med sigeren.

Vazelina Hjulkalender (2000)

Mang ein kjendiskombinasjon har vorte løfta fram på avisframsider som Noregs superpar. (Sjå Tone Damli Aaberge/Aksel Hennie, Gunhild/Petter Stordalen, Vendela Kirsebom/Petter Pilgaard.)

Den er likevel ein ting som er klinkande klar: Ingen av dei når opp til det episke paret Eldar Vågan og Inga Toppen.

22 år etter serien først var å sjå i adventstida, så er han igjen tilgjengeleg i nettspelaren til TV 2!

Nissene på låven (2001)

I 2001 var TVNorge plutseleg på juleballen, med Nissene på låven. For var det noko juledekninga saknar, så var det jo eit aldri så lite reality-element!

24 «deltakarar» kler seg ut som nissar for å konkurrere i 24 dagar om å verte den beste nissen. Det er duka for pepperkakebaking, julekorg-fletting, fjonge lausskjegg og intrigar. Alt i ekte Big Brother-stil.

Slikt vert det pute-TV av, og norske sjåarar elska det.

Premieren vart sett av rett over 280 000, medan stadig fleire benka seg framfor fjernsynet etter kvart som desemberdagane gjekk, og episoderekorden var på heile 440 000 sjåarar.

Om inga adventstid er komplett utan, så ligg Nissene på låven tilgjengeleg på Discovery+.

Jul på Månetoppen (2002)

Sidan Jul i Blåfjell vart slik ein suksess var det ikkje særleg rart at det også vart ein oppfølgjar.

Tre år seinare kom nemleg Jul på Månetoppen, og det vert gjensyn med nissar både frå Amalies jul og Jul i Blåfjell. 

Raudnissane og blånissane kranglar om Månetoppen og om blåbær, og jula får sin eigen vesle West Side Story.

Om du er spent på kven som sigrar, så kan du sjå serien i NRK-nettspelaren.

Olsenbanden Jr. – Første kupp (2004)

Med denne serien fekk vi omsider svar på det evige spørsmålet: Korleis var eigentleg Kjell som barn?

(Her skulle NRK lært litt av TV 2, for om noko kunne konkurrert med julesuksessen Jul i Blåfjell, så er det Fredriksson fabrikk junior.)

Unge Egon Olsen bur på barneheim, men dette året er julefondet tomt. Er det advokatfirmaet som forvaltar fondet som er røvarane? Det må Egon og klassekameratane Benny og Kjell sjølvsagt finne ut av, og det vert jo «helmaks».

Du lyt nok kjøpe DVD-en om du vil sjå serien igjen. Og då truleg òg ein DVD-spelar, og ein tv som støttar DVD-spelar.

Ungkarsnissen (2004)

TVNorge kan ikkje berre legge parodiske gullegg, av og til vert det ei real smørje.

Ungkarsnissen skal i Ungkaren-stil prøve å finne seg ei nissekone, blant 24 kandidatar

Julekalenderen var laga saman med svenske Kanal 5, skal tru om söta bror hadde meir sansen for dette enn vi her i Noreg?

Tjuefjerde (2005)

Kan ein kombinere julestemning og serien 24? tenkte dei hjå TV3. Vi prøvar! bestemte dei.

Det litt underlege barnet vart serien Tjuefjerde.

Det norske folk vart likevel ikkje bergtekne, og i snitt var det berre 39 000 sjåarar som følgde serien.

– Hadde vi visst kva som gjekk gale, hadde vi gjort det annleis, sa dåværande informasjonsansvarleg i TV3, Glen Støldal, til VG.

Kanskje er det ein serie som kan gjere knallsuksess no i dei seinare åra – når vi kan ha ei viss tidsmessig og ironisk distanse til den?

(Kanskje ikkje.)

Jul i Tøyengata (2006)

Omsider ein serie vi ikkje har kopiert frå våre skandinaviske naboar, men heller delt med dei! Jul i Tøyengata vart også sendt i adventstida hjå svenskane.

Jul i Tøyengata var ein parodi på Jul i Skomakergata, med skomaker Ali i hovudrolla. Han har drive butikk på Tøyen sidan 70-talet.

Til første episode hanka den inn hundretusenvis av sjåarar til TVNorge, og vart kanalen sitt mest sette fredagsprogram gjennom tidene. Det danka Big Brother 2001 av trona. Entusiasmen dabba likevel fort av, og sjåarane flykta.

(Heller ikkje Skomaker Andersen skal ha vore særleg begeistra.)

Jul i Svingen (2006)

NRK slår igjen på stortromma, og lanserer i 2006 ein ny julekalender – endå den tek utgangspunktet i barneprogrammet Linus i Svingen.

Denne julekalenderen vart selt også til utlandet! I Nederland fekk den det klingande namnet «Kerst met Linus», danskane såg på «Jul i Svinget», og på Færøyane vart det «Jól í Svingi».

Jul i Svingen reiste også over grensa til svenskane, men dei dubba om og synte berre sju episodar av «Vinter i svinget».

Frå venstre: Akaya (Yvonne Johnsrud), Åsa (Ina Svenningdal), Linus (Jacob Borgen), Nure (Sebastian Warholm), Atif (Hassan Ali Iqbal) og Børre (Adrian Falch Karlsen). Foto: NRK / Ole Kaland

Jul i Svingen kan du også strøyme i NRK sin nettspelar i adventstida!

Barnas Superjul (2007)

I 2007 sette NRK barna i førarsetet, og lot dei styre skuta sjølv i adventstida.

Serien vann Gullruten 2008 for beste barne- eller ungdomsprogram, men var ingen favoritt hjå kritikarane, og har sidan ikkje vorte sendt igjen. Men serien er tilgjengeleg på nett!

Den unge Fleksnes (2010)

TVNorge gjer som TV 2 og granskar barndomstida til ein etablert karakter, denne gongen Marve Fleksnes.

(Ærleg talt, NRK, kvar er Fredrikssons fabrikk junior?!)

Fleksnes prøver å syngje seg til ein plass i talentkonkurransen på skulen, og såleis også inn i hjartet til klassens nyaste tilskot, Veronica. Det er litt stress sidan Fleksnes er tonedøv.

Nissene over skog og hei (2011)

Ti år etter Nissene på låven har nissane teke steget frå låven og ut på tur.

No skal dei over skog og hei for å dele ut julegåver. Halvparten av nissane frå forgjengaren er tilbake, og får selskap av tolv nye nissar.

Foto: Discovery

Kritikarane var frå seg av begeistring, og VG trilla fram ein seksar på terningen og Filmpolitiet ein femmar.

Om serien har ei høg stjerne i boka di, så kan du glede deg over at han er tilgjengeleg på nett.

Julekongen (2012)

Kevin Gran bur saman med familien sin i Sølvskogen, og likar å henge i ei hemmeleg hole i skogen – som folk flest.

Kevin er fast bestemt på at dette skal verte den beste jula noko sinne, men det er litt vanskeleg å kome i julestemning når ein vert mobba på skulen og ein må flytte inn til bølla fordi eins eigen heim er full av sopp.

Ein dag oppdagar Kevin at tilfluktshola i skogen leiar til ei anna verd, og til ei anna tid der riddarar framleis eksisterer. Men i denne verda er også julestemninga truga, for der har det ikkje vore snø på mangfaldige år.

Hovudrolleinnhavar i Julekongen er Vetle (i midten), Oscar (t.v) og Emma (t.h). Foto: Jørn Veberg/NRK

Vert jula heilt konge med Julekongen? Du finn også denne på nettspelaren til NRK.

Asbjørns julekalender (2015)

Espen Eckbo stod, saman med Kristian Ødegård, bak både Nissene på loven og Nissene over skog og hei, så då er det kanskje ikkje rart at TVNorge omfamnar hans siste julebarn: Asbjørns julekalender.

I 2015 let karakteren Asbjørn Brekke nissedrakta ligge og trer heller inn i rolla som talkshow-vert.

Kvar dag får han besøk av ein ny kjendis for juleaktivitetar og prat litt utanom det dei er vande med:

Snøfall (2016)

Selma er foreldrelaus og vert teken vare på av nabodama Ruth. Ein dag finn Selma ein hemmeleg portal til nisselandsbyen Snøfall.

Julekalenderen skulle vise seg å verte ein suksess utan like. (Eg byrja først å sjå serien 16. desember, men var i rute innan julaftan, for å seie det slik. #Selmaforalltid)

Heile 1,8 millionar sjåarar skrudde på TVen på julaftan for å sjå korleis soga om Selma enda. Samstundes vart Snøfall nominert til heile åtte prisar under Gullruten året etter.

Snøfall har kome både til teaterscena, i bokform og i podkastversjon.

I 2022 er serien tilbake på TV, men om du har gjeve opp linær-TV, så ligg han i NRK sin nettspelar.

Jul i Blodfjell (2017)

TVNorge starta eit nytt parodikapittel med julekalenderen Jul i Blodfjell.

Ei vøle med slektningar i familien Soot vart samla på eit høgfjellshotell i adventstida. Der får dei beskjed av den pengesterke og aldrande onkelen at dersom dei vil ha sin del i arva, så lyt dei verte verande til jul.

Det vert drap, kjærleiksintrigar, tørre vitsar og detektivarbeid.

Atle Antonsen, Jon Øigarden, Lene Kongsvik Johansen, Jakob Schøyen Andersen, Fridtjov Såheim, Kevin Vågenes, Trond Fausa Aurvåg og Ine Jansen spelar alle i julesuksessen Jul i Blodfjell. Foto: TVNorge

I 2019 håpte TVNorge å gjenta suksessen og kom med oppfølgjarsesongen Jul i Blodfjell 2. Begge sesongane kan du sjå også i år!  

Juleølkalenderen (2018)

Ylvisbrørne og den trufaste tredjemann Calle Hellevang-Larsen ringer adventstida inn med å smake på ei juleøl kvar dag i heile desember. Utfordringa er at dei skal smake på alle dei 24 ølane på éin dag.

Det vert det flaue julebordscener av:

Stjernestøv (2020)

NRK si storsatsing følgjer Jo som lyt flytte til ein ny stad etter at foreldrene går frå kvarandre. 

Jo er oppteken av stjernehimmelen, og ein dag oppdagar han at Nordstjerna har slokna og at det bur ei jente med magiske krefter på loftet. 

Det vert magi og skilsmisse i ei aldri så lita juleblanding.

Stjernestøv er ein av NRK sine nyare julekalenderar. Foto: NRK

Om Stjernestøv var midt i blinken for deg, så frykt ei, du kan sjå serien i nettspelaren til NRK også i år. 

Kristiania magiske tivolitheater (2021)

NRK prøvar igjen å finne opp julekruttet på nytt, med sin nye julekalender Kristiania magiske thivolitheater

Adventskalenderen er sett tilbake i tid, til kring 1909 då hovudstaden framleis heitte Kristiania. Tiåringen Luka veks opp i fattige kår i Vika, og må navigere ein kvardag med litt for lite mat i magen og litt for mange bøller å unnsleppe. 

Ein dag snublar Luka innom Kristiania Tivoli, og ein ny verd opnar seg. 

Foto: Monster/NRK

Serien ligg tilgjengeleg i nettspelaren til NRK.

Nissene i bingen (2021)

Kva er vel adventstida utan å ta nok ein svingom innom Espen Eckbo sitt nisseunivers? I 2021 fekk sjåaarane vere med på singelfest i ein nedlagd grisefarm.

I ekte paradise-stil skal nokre single sjeler leve parvis som Nissefar og Nissemor fram mot jul, i håp om å stå att som det sterkaste nisseparet som vinn nissesekken full av pengar.

Foto: Discovery

Det vert eit gjensyn med mange kjende nissefjes, men Jacob Schøyen Andersen har teke over etter Kristian Ødegård som programleiar.

Om du treng litt nisseintrigar for å kome i julestemning, så er det berre å strøyme i veg.

24-stjerners julekalender

NRK kastar seg i 2022 inn i realityjula med 24-stjerners julekalender. Programleiar Markus Neby utfordrar 24 kjendisdeltakar til å konkurrere i ulike juleaktivitetar.

Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

For dei av oss som har lurt på kven som er best til å synge julesongar av KrF-leiar Olaug Bollestad eller Vita Mashadi, så skal vi omsider få svar.

VG-meldaren meinte episoden som vert synt 3. desember er «noe av det pussigste og ekleste som er vist på en norsk TV-kanal på en god stund». Slikt vert det vel ekte julestemning av?

Serien er tilgjengeleg i NRK sin nettspelar. 

Kva julekalender er din favoritt?

Kva julekalender er din favoritt?

Jul i Skomakergata 101
Teodors julekalender6
Portveiens julekalender4
Vertshuset den gyldne hale9
Julestua med Skipper og Trygve4
Jul på Sesam stasjon 8
The Julekalender78
Amalies jul38
Julefergå 10
Jul i Blåfjell232
Vazelina Hjulkalender62
Nissene på låven33
Jul på Månetoppen80
Olsenbandens første kupp13
Ungkarsnissen1
Tjuefjerde 0
Jul i Tøyengata7
Jul i Svingen199
Barnas Superjul3
Den unge Fleksnes14
Nissene over skog og hei13
Julekongen 48
Asbjørns julekalender7
Snøfall 202
Jul i Blodfjell59
Juleølkalender9
Svar totalt: 1240