Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Journalistane i teksten er elevar ved medium og kommunikasjon ved Stord vidaregåande skule.

I si første bok, Marki Marco, brukte Terje Torkildsen tiandeklassingar som konsulentar. Han ville vite kva dei som ikkje les, ville lesa.

Elevane trudde det berre var eit skuleprosjekt som læraren skulle ha, mens forfattaren blei anonym. Då dei begynte å bli ærlege og gav han negativ kritikk, fekk han vita kva han måtte unngå for å få dei som ikkje likte å lesa, til å ville lesa.

Hadde aldri lese ei bok før

Seinare har Torkildsen skrive fleire bøker; som Dystopia-serien, Stavanger stories-serien og Arrfjes. Den nyaste boka han har gitt ut heiter Isla Bonita, som dotter hans mellom anna måtte lesa gjennom.

– Eg bruker alltid ungdom som konsulentar. Eg brukte også tre elevar frå Vesterålen som konsulentar på Isla Bonita. Dei las og kom med tilbakemeldingar undervegs. To av dei hadde aldri eigentleg lese ei bok før. Det er sånne lesarar eg har veldig stort utbyte av å få tilbakemeldingar frå.

Terje Torkildsen på ungdomsklubben på Husnes i Kvinnherad under Falturiltu.

Korleis skrive for dei som ikkje likar å lese?

Det å skrive ungdomsbøker var ei utfordring i byrjinga. Terje Torkildsen gjorde det for å finna ut korleis ein skal klare å skrive bøker til folk som ikkje liker å lesa.

– Eg ville finna ut kva som skal til for å få folk til å gidda å lesa. I ettertid har eg halde fram med det fordi det kjentest viktig og meiningsfullt ut.

Forfattaren frå Stavanger er blant anna kjent for å ha skrive bøkene Marki Marco og den nye boka Isla bonita som er delvis inspirert av songen til Madonna La Isla Bonita.

Treff alltid nokon eg kjenner i fengsel

På eit bokbad under Falturiltu fekk Torkildsen spørsmål om kva han vil fortelja med den nye boka si.

– Eg trur at eg vil fortelja det eg prøver å gjera i alle bøkene mine: At viss du stoler på eigne vurderingar og tar gode, ærlege moralske val, og er modig, så går det til slutt bra.

Han fekk òg spørsmål om han var gangster som ung.

– Eg var litt gangster. Men eg vaks opp med skikkelege gangsterar. Av og til er eg og opptrer i fengsel, anten som komikar eller forfattar. Og det slår aldri feil: eg treff alltid nokon eg kjenner der. Det er litt som eit reunion frå ungdomsskulen, fortel Torkildsen til latter frå ungdommane på bokbadet på Fitjar.

Ida Marie Sandvik (15), Malene Ahrens (14) og Lars Rydland Sæbø (15) var med på å leia bokbadet med Ingelin Røssland og Terje Torkildsen på Rimbareid barne- og ungdomsskule på Fitjar. Foto: Svein Olav B. Langåker

Dei tidlegare yrka kjem til nytte

Terje Torkildsen har hatt fleire forskjellige yrke i tillegg til forfattar.  Dette meinar han berre er positivt.

– Eg trur at det å ha drive som prosjektleiar er nyttig når det gjeld å få prosjekta mine i hamn.

Han fortel vidare at det og driva med økonomi og styre det sjølv, er fint å ha erfaring med no når han driv eigen bedrift.

Han har også hatt stort utbytte av at han var både lærar og komikar, som gjer at han er vant til å stå framfor folk å snakke. Og kunne formidla humor gjennom bøkene via tekst utan bilete, som eigentleg er den vanskelegaste måten å gjera det på.

Vann U-prisen to gonger

Terje Torkildsen var den første forfattaren nokon sinne som har vunne U-prisen to gonger. Dette er ein pris der ungdommen sjølv nominerer og kårar vinnaren.

Han fortel at fyrste gongen han vann skjønte han ikkje heilt kva som skjedde eller kva prisen var. Han berre fekk prisen, tok bilete og reiste heim igjen. Andre gongen derimot visste han både kva prisen gjekk ut på og at han var den første til å vinna den to gonger.

– Eg blei veldig happy og det var eit stort kick!

Anne Audhild Solberg har gjeve ut grøssarboka «Den svartkledde jenta» på Samlaget. Foto: Svein Olav B. Langåker