20 år sidan Sleipner-ulykka

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var uvêr og høge bølgjer då Sleipner sokk. Feilnavigering var den direkte årsaka til at hurtigbåten mellom Stavanger og Bergen gjekk på grunn, og kapteinen vart seinare dømd for aktløyse.

Men kommisjonen som undersøkte ulykka, fann òg at mange andre feil bidrog til at ulykka vart så omfattande. Redningsutstyret fungerte ikkje som det skulle, og naudstraumen slokna slik at det korkje var lys eller mogleg å gi beskjedar over høgtalaranlegget.

Båten var dessutan ikkje testa i tøffe vêrforhold. Han var ikkje godkjent for bruk under dei forholda som den hamna i på den siste turen sin. Kraftig vind piska opp fjorden, og bølgjene gjekk høge denne kvelden 26. november 1999.

Her kan du høyra nødsamtalen:

– Sit i deg resten av livet

– Du gløymer ikkje ei sånn hending. Det sit i deg resten av livet. Det å treffe andre som forstår deg og har det på same måte, er viktig. Det er veldig spesielt, seier Tove Følid til NTB.

Sonen hennar var ein av dei 16 som omkom då hurtigbåten grunnstøytte og sokk på kort tid i Bømlafjorden, ytst i Hardangerfjorden.

Følid leiar Støttegruppen etter Sleipner-ulykken og Nasjonalt Støttegruppenettverk og har jobba med å organisere minnestunda på tysdag. Ho reknar med at rundt 100 personar vil ta turen til minnesmerket ved Ryvarden fyr i Sveio.

– Arbeidet med å organisere samlinga, skaffe talarar og bussar har tatt mykje tid og er både fysisk og psykisk slitsamt, fortel Følid.

Kaptein Sverre Hagland blei i 2003 dømd til seks månader vilkårsbunde fengsel i Gulating lagmannsrett. Reiarlaget HSD blei frifunne. Her er Tove Følid under rettssaka. Ho leiar støttegruppa etter ulykka. Arkivfoto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Foto: Marit Hommedal / SCANPIX

– Verdifulle erfaringar

– At det har vore vanskeleg og tatt tid å få økonomisk stønad til sjølve arrangementet, er noko av det som slit, fortel ho.

Ho etterlyser i det heile meir stønad til nettopp støttegruppene etter store ulykker og hendingar, og ein respekt for kva ein kan lære av dei.

– Vi har førstehandserfaringar som er mykje verdt. Ein får mykje skryt for arbeidet ein gjer, men dei er ikkje noko flinke med å nytte seg av erfaringane våre, seier Følid, som også er med i det nasjonale nettverket for støttegrupper.

Sjølv har ho jobba mykje med å prøve å få kartlagt seinskadane for dei overlevande og etterlatne etter ulykka, men fekk ikkje pengar til det frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Eit minnesmerke med namna på dei 16 som mista livet i Sleipner-ulykka, blei avduka i november 2000 like ved Ryvarden fyr i Sveio. Avdukinga, som skjedde på eittårsdagen for ulykka, blei gjennomført av statsråd Grete Knudsen og sjukehusprest Gro Steensnæs Håvås. Arkivfoto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix
Foto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix

Fleire nye tryggingskrav

Ulykka har ført til fleire nye tryggingskrav, både internasjonalt og nasjonalt.

– Det har skjedd ganske mykje etter rapporten frå undersøkingskommisjonen kom, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet til NTB.

Norske styresmakter fekk mellom anna den internasjonale maritime organisasjonen IMO med på nye krav til korleis skrog skal byggjast, slik at fartøy kan halde seg flytande lenger etter ein skade. Det gir meir tid til evakuering.

Dag Inge Aarhus. Kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.

Det er komme nye krav til hurtigbåtar, mellom anna at mannskapet skal ha eiga opplæring i krisehandtering. Krava til tryggingssystem og øvingar har vorte skjerpte.

Direktoratet fekk likevel ikkje internasjonalt gjennomslag for strengare krav til redningsflåtane, men ifølgje Aarhus har produsentane sjølve sørgde for betre løysingar.

Dei fekk heller ikkje gehør for at nye passasjerferjer skal teste evakuering i dårleg vêr.

Talet på ulukker har gått ned

På nokre område har Noreg innført særkrav, utan internasjonal stønad. Derfor må norske ferjer som går i kalde farvatn, ha redningsvestar som må festast med stroppar for å fungere.

Dei skal takast på som ein badedrakt, noko som gjer at det blir lettare å halde varmen og dessutan sikrar riktig oppdrift i vatnet.

Også Kystverket har gjort endringar, mellom anna er det betre system for å måle bølgjer slik at det er lettare for mannskapet å vurdere om det er trygt å legge ut.

– Vi meiner sikkerheita har vorte betre ut frå alle tinga som er gjort på hurtiggåande fartøy, men også andre typar fartøy. Talet på ulykker med både ferjer, hurtigbåtar og lasteskip har gått ned, sjølv om trafikken har auka, seier Aarhus.