No blir det enklare å varsle om miljøkriminalitet
Miljødirektoratet lanserer ei ny løysing som skal gjere det enklare å både tipse og varsle om miljøkriminalitet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Miljøminister Ola Elvestuen (V) seier at miljøkriminalitet er eit alvorleg problem med store negative konsekvensar for klimaet.
– Samtidig blir miljøkrim sett for å ha låg oppdagingsrisiko samanlikna med mange andre former for kriminalitet, derfor er digital tipsordning for miljøkriminalitet viktig for at vi skal få vite om fleire regelbrot, seier han.
Med den nye løysinga kan alle melde inn tips som gjeld mistankar om ulovlege miljøforhold, inkludert varsel om ulovlege miljøforhold som arbeidstakarar har sett på eigen arbeidsplass.
Tipsarar og varslarar kan nytte seg av nettsida til direktoratet , der dei òg kan laste opp bildebevis av miljøsaka som blir meld inn. Tipsarar er sikra anonymitet av Miljødirektoratet. Ved varsling til offentlege styresmakter har styresmaktene teieplikt.
– Vi oppmodar folk til å melde ifrå når dei har mistanke om at det skjer ulovlege forhold som kan skade natur og miljø. Tips og varsel frå publikum er nyttig informasjon for oss i arbeidet med å kjempe mot miljøkriminalitet, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet. (©NPK)