Jon Fosse er nominert til Ungdommens kritikerpris

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag kveld annonserte Foreningen !les dei åtte kandidatane til Ungdommens kritikerpris. Ein vaksenjury har lese og vurdert over 200 skjønnlitterære utgjevingar i 2019 og valt ut åtte nominerte.

Dei nominerte er:

  • Hvor lenge varer vi – Mari Andreassen (Cappelen Damm)
  • Voksne mennesker – Marie Aubert (Oktober)
  • Vi er fem – Matias Faldbakken (Oktober)
  • Det andre namnet. Septologien I-II – Jon Fosse (Samlaget)
  • Svamp – Morten Langeland (Flamme)
  • Hvit hare, grå hare, svart  – Øyvind Rimbereid (Gyldendal)
  • Bergverket – Ingvild Schade (Cappelen Damm)
  • Mødre og døtre – Tiril Broch Aakre (Flamme)

Er du ein Fosse-fan? Test deg sjølv i vår store Jon Fosse-quiz!

Kven håpar du vinn Ungdommens kritikerpris 2020?

Kven håpar du vinn Ungdommens kritikerpris 2020?

Hvor lenge varer vi – Mari Andreassen0
Voksne mennesker – Marie Aubert0
Vi er fem – Matias Faldbakken1
Det andre namnet. Septologien I-II – Jon Fosse6
Svamp – Morten Langeland1
Hvit hare, grå hare, svart  – Øyvind Rimbereid3
Bergverket – Ingvild Schade2
Mødre og døtre – Tiril Broch Aakre2
Har ikkje lese nokon av dei0
Ei anna bok fortener utmerkinga0
Svar totalt: 15

 

Unntaket Jon Fosse

Blant dei nominerte er Jon Fosse einaste nynorskinnslag.

– Mange av landets mest kjente forfattarar gav ut bøker i 2019, utan at juryen let seg sjarmere. Jon Fosse var eit stort unntak, skriv juryen i grunngjevinga.

Dei meiner Septologien I-II med sine lange, grublande tankestraumar grip tak i lesaren med full styrke.

– Sjølv om språket kanskje set lesaren på prøve, kan juryen einstemmig melde at biltur med Fosse i høgste grad er verdt innsatsen, understrekar dei.

Juryen består av forfattar Ida Lødemel Tvedt, bibliotekar og bokmeldar Katrine Judit Urke og Elin Kittelsen.

No skal sju juryklassar frå vidaregåande skular over heile landet lesa bøkene og diskutera seg fram til vinnaren av Ungdommens kritikerpris 2019. Prisen vert delt ut på Sentralen i Oslo, torsdag 12. mars 2020.

Les også: Skodespelar Eili Harboe skifta hovudmål etter å ha lese Jon Fosse: – Det kjennest meir naturleg for meg. Meir personleg på eit vis

Skodespelar Eili Harboe (til høgre) fekk for alvor augo opp for Jon Fosse då ho spelte teaterspira Tale i filmen «Kyss meg for faen i helvete». Foto: Motlys

Ungdommens kritikerpris

  • Ungdommens kritikerpris er et samarbeid mellom Foreningen !les, Utdanningsforbundet, Norsk Kritikerlag og Den norske Forleggerforeningen.
  • Ungdommens kritikerpris er ein pris for norsk skjønnlitterær samtidslitteratur, delt ut av elevar i vidaregåande skule.