Sorgekspert: – Det å snakke om det gjer at ting ikkje set seg i kroppen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Psykologspesialist ved Senter for krisepsykologi, Atle Dyregrov. Foto: UiB

– Det viktigaste er å høyre korleis ungdommen sjølv vil ha det. Om dei seier at dei ikkje vil snakke om det, så godtar ein det då, men det betyr ikkje at ein ikkje kan spørje att, seier psykolog Atle Dyregrov.

Psykologspesialisten har i ei årrekkje jobba med sorg som tema og har skrive bøker som Sorg hos barn og Mestring av sorg. I tillegg har han bidrege i boka Ung sorg, der unge sjølv fortel om sine opplevingar.

Ungdom skyv sorg unna

I 2018 vart forlenga sorgliding ein eigen diagnose i Verdas helseorganisasjon (WHO) sitt register. Diagnosen inneber at ein ut over ein periode på seks månader har intens emosjonell smerte og vanskelege kjensler knytt til tapet av ein kjær. Sorga skal også svekke dagleg fungering, sosialt, på skulen eller på annan måte.

Dyregrov ser ei auka merksemd kring sorg etter at det vart ein eigen diagnose, men meiner me framleis har ein veg å gå.

Psykologen meiner at me i Noreg har relativt god oppfølging rett etterpå ved plutselege dødsfall og til ein viss grad ved forventa dødsfall, som sjukdom.

Problemet, ifølgje Dyregrov, er at me ikkje forstår at sorg tek tid. Difor er det gjerne slik at når sjokktilstanden har lagt seg og ein tek inn over seg kva som har skjedd, så er ikkje hjelpa der lenger.

– For ungdom tek det gjerne enno lenger tid, fordi dei skyv det bort, så når dei er meir modne dukkar det gjerne opp att. Når ein aktivt jobbar for å ikkje tenkje på det og skyve det unna, så krev det sitt, forklarar psykologen.

Han forklarar at sidan barn og unge har mindre livserfaring kan dei ofte bli redde og føle seg einsame i sine eigne reaksjonar. Han meiner det difor er viktig å få normalisert reaksjonane.

Kjønnsforskjellar

For nokon kan det hjelpa å oppsøka ei sorggruppe, medan andre kan synast det er vanskeleg. Her fortel psykologen om nokre kjønnsforskjellar. Gutar bearbeidar gjerne ting meir einsamt, medan jenter oftare søkjer saman.

– Det betyr ikkje at det eine er betre enn det andre, men ein ser at det er ein forskjell, seier Dyregrov, som kan avsløra at kvinner faktisk slit meir med sorg.

Dei søkjer gjerne òg i større grad hjelp for å kome vidare, medan gutane i større grad freistar å klara seg sjølv. Ifølgje psykologen kan det for nokon vere nyttig å få hjelp til å få det som har skjedd på avstand, medan andre treng hjelp til å gå nærare.

– Det å snakke om det gjer at ting ikkje set seg i kroppen. Ein kan få vondt i magen eller hovudpine, forklarar Dyregrov, som likevel understrekar at ein ikkje kan presse nokon til å snakke.

Effektane av tap

Psykologen viser til fleire studiar som viser at barn gjerne ikkje klarar seg så bra etter dødsfall i nær familie, som ein gjerne vil tru.

Ifølgje ei dansk undersøking var det berre ein femtedel så høg sjanse for at born som hadde mista foreldre i barndommen fullførte høgare utdanning.

– Det varierer med kva studiar ein ser på, men ein reknar med at det i alle fall er rundt 10 prosent som har ein forlenga sorgreaksjon. Om ein plussar på dei som skyv bort eller kjenner på angst og stor skuld, eller opplever at dødsfallet skjer plutseleg er ein gjerne oppe i 20-30 prosent, anslår Dyregrov.

Psykologen anslår at for rundt halvparten av dei som mistar nokon i ung alder kan det føra til svekka livskvalitet i fleire år. Det kan til dømes påverka forventningane til livet og kor lenge ein sjølv skal leve, gje skuldkjensle og frykt for at noko skal skje med dei attlevande i familien.

Oppfølginga

Dyregrov meiner det er viktig at både samfunnet og hjelpeapparatet får ei større forståing for at sorg tek tid, slik at ein fastlege kan sjå samanhengen mellom helseproblem og sorg sjølv om det ligg år tilbake i tid.

Han meiner òg at det er viktig at skulen har forståing for det som har skjedd og at beskjeden vert med vidare når eleven skiftar skule.

– Mange føler seg oversette, som til dømes om ein diskuterer døden i klassen utan at dei vart fortalde om det i forkant, fordi læraren hugsa det ikkje. Det må vera nokre kontaktpunkt undervegs der læraren spør korleis dei har det, fordi det kan endre seg, meiner Dyregrov.

Ofte kan ungdom gå langt fordi dei ikkje vil skilje seg ut, slik at dei ikkje seier ifrå om korleis dei har det. Dyregrov fortel at dei anbefalar openheit som ein strategi for å få meir kontroll.

– Mange kjenner seg svikta av vener som snakkar om kva dei skal gjere med pappa og ikkje tenkjer på at dei ikkje har ein pappa. Når dei er på fotballtrening tenkjer dei kanskje på at dei hadde ein som brukte å støtta dei. Det er mange slike minnepunkt dei må handtere åleine, så ei betre forståing blant venner hadde vore å føretrekke.

Les også intervjuet med tre ungdommar som alle har opplevde å miste nokon: – Eg kan grina over det 13 år seinare og det er fullstendig okay, for det kjem alltid til å gjera vondt

– Folk trekk seg veldig, veldig ofte, seier Tomine Bauge (19), om reaksjonane ho får på at far hennar er død. Foto: Andrea Nøttveit