Nytt olje- og gassfunn i Nordsjøen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

38 til 100 millionar fat med oljeekvivalentar er funne i Nordsjøen.

– Vi gjer eit av årets største funn i det aller mest modne området på norsk sokkel, ikkje langt frå Troll-feltet. Det viser kva for moglegheiter som framleis finst for verdiskaping og inntekter frå denne næringa, seier leitedirektør for norsk og britisk sokkel i Equinor, Nick Ashton.

Funnet vart gjort 3,2 kilometer sørvest for Fram-feltet på ein stad der havdjupna er 350 meter.

Det vil truleg bli knytt opp mot eksisterande infrastruktur.

Kart over området. Foto: Equinor

– Lærer stadig nye ting

Nick Ashton, Equinor sin leitedirektør på norsk og britisk sokkel. Foto: Ole Jørgen Bratland Equinor

– Etter meir enn femti år med geologiske undersøkingar på norsk sokkel så lærer vi stadig nye ting, og vi finn hydrokarbon der vi tidlegare ikkje trudde det fanst, seier Ashton.

Han har tru på at olja og gassen i området kan utvinnast med god lønnsemd og låg CO2-intensitet.

Equinor har ein del på 45 prosent av utvinningslisensen, medan partnarane ExxonMobil, Idemitsu Petroleum og Neptune Energy har høvesvis 25 prosent, 15 prosent og 15 prosent.