– Det skal bli dyrare å forureine, men ikkje dyrare å leve

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag og torsdag er om lag 1000 personar frå miljøorganisasjonar, næringsliv og politikk samla på Zerokonferansen i Oslo.

I dei innleiande innlegga blei samarbeid mellom myndigheiter, borgarar og næringsliv peikt på som viktige faktorar for å få til grøn vekst.

Marius Holm, leiar i Zero. Foto: Presse

– Klimapolitikk kan truge arbeidsplassar, konkurransekraft og velferd. Klimapolitikken kan gjere livet surt for folk i distrikta. Vi vil alle vil ha handling, men når verkemidla kjem, er vi ikkje like sikre, sa dagleg leiar Marius Holm i Zero.

Han meiner vi gradvis må tredoble CO2-avgifta og gi alle pengane tilbake til innbyggjarane og til næringslivet.

Næringslivet skal få tilbake i form av investeringsstøtte og innbyggjarane skal få tilbake direkte.

– Det skal bli dyrare å forureine, men det skal ikkje bli dyrare å leve og jobbe i Noreg, sa Holm.

– Vi kan ikkje ha evig vekst

Den første debatten under konferansen dreia seg om grøn vekst er mogleg.

Per Espen Stoknes, Miljøpartiet De Grønne, Oslo, vara for Une Aina Bastholm. Foto: Stortinget

– Vi kan ikkje ha evig vekst på ein avgrensa klode. Dei som trur det må vere: «either a madman, or an economist», sa førsteamanuensis Per Espen Stoknes ved BI under debatten og refererte til eit kjent sitat av Sir David Attenborough.

Han peika på at vi må ha meir fokus på ressursproduktivitet for å få til ei grøn omstilling det monnar av.

– Grøn vekst kan vi definere som ein auke i verdiskapinga, som samstundes gir lågare samla miljøbelasting. Då må ressursproduktiviteten, altså verdiskaping per ressursreining, betrast med over 5 prosent per år og det er det mogleg å få til, sa Stoknes.

Han viste til at ressursproduktivitet er eit samleomgrep for karbon-, nitrogen-, areal- og mangfaldsproduktivitet og at grøn vekst berre er mogleg om vi samla har høg nok ressursproduktivitet.

– Det er teoretisk mogleg. Det er teknologisk mogleg. Men berre om marknaden, myndigheitene og borgarane jobbar saman og prioriterer dette, vil endringane komme raskt nok, sa han.

Paneldebatt om grøn vekst under Zerokonferansen. Forskar Per Espen Stoknes (f.v.), direktør Auke Lont i Statnett, Marianne Tronstad Lund i CICERO, Trine Hay Setsaas frå NINA og ordstyrar Siri Kristiansen. Foto: Alexander Eriksson / ZERO

Politikarane må tore å ta «upopulære val»

– Vi som forbrukarar har utruleg makt til å kunne endre industrien og handlingane til politikarane. Myndigheitene har eit ansvar for å gå i front, men dei er redde for å misse veljarar, sa rådgivar og forskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) Trine Hay Setsaas under debatten.

Trine Hay Setaas. Foto: Norsk institutt for naturforsking (NINA)

Ho peika på røykjelova som eit eksempel på at upopulære politiske val etter kvart kan bli godt likt av alle i eit samfunn.

– Politikarar kan og bør gå i front. For då kjem folket etter, om det er gode tiltak, sa ho.

Per Espen Stoknes var samd med Setsaas.

– Eksempelet med røykjelova er fantastisk. Det har vore forska mykje på dette. Ofte vil politikarhandling føre til haldningsendringar blant folk som igjen vil føre til meir ambisiøs politikk frå myndigheitene. Ein kan få ein positiv sjølvforsterkande sirkel, sa han.

Les også: Klimaaktivist John (91): –  Må gjera endringar på verdskrig nivå

John Lynes (91) har blitt arrestert fleire gonger. Her under klimademonstrasjon med Extinction rebellion i England. Foto: Skjermdump/Matthew Thompson på Twitter