Helene Uri får språkpris for ungdomsbok med metoo-tematikk
Innhaldet er høgaktuelt, seier juryen som heidrar Helene Uri med Riksmålsforbundets barne- og ungdomspris 2019.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forfattaren og språkvitaren Helene Uri melde seg nettopp med ungdomsromanen «Stillheten etterpå».
«En ung, naiv mannlig lærer forstår ikke makta han har. Det gjør tenåringsjentene han underviser. Komboen er dødelig», skriv Dagsavisen om boka.
Høgaktuell og tankevekkande bidrag i debatten
Ifølgje juryen er boka skriven på «et stilsikkert og ujålete riksmål, og den er et høyaktuelt og tankevekkende bidrag til debatten om seksuell trakassering og rettssikkerhet».
– Men først og fremst er dette ein roman, og språket er ein av dei viktigaste kvalitetane av boka, seier juryleiar Bjørgulv Vinje Borgundvaag.
Utdeling i Vestfolk
Prisen får Helene Uri i Sandefjord laurdag 9. november under Litteraturveka i Vestfold. Samtidig får Sverre Mørkhagen Riksmålsforbundets litteraturpris for Ibsen-biografien sin.
Barne- og ungdomsbokprisen til Riksmålsforbundet har vorte delt ut heilt sidan 1977, då han gjekk til Anne-Cath. Vestly. I fjor var det Linn Skåber som kunne ta imot prisen for boka si, «Til ungdommen».