Har du alt som trengst i ditt eige beredskapslager?
I tilfelle det skulle bli ei krise i landet har Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap laga ei liste over kva nordmenn bør ha tilgang til.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne veka er det «eigenberedskapsveke» i heile landet.
Kampanjen er arrangert av Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), og har som mål å bevisstgjere nordmenn på kva dei treng ha tilgjengeleg dersom ei krise skulle råke landet eller lokalmiljøet.
Dette meiner DSB du bør ha i hus for å klare deg i tre døgn. (Heile heftet kan du lese her.)
Vatn
- 9 liter vatn per person
Tommelfingerregelen til DSB er: Minst tre liter reint vatn per person til drikke og matlaging for kvart døgn.
DSB tilrår nordmenn å ha så mykje vatn lagra året rundt, og du treng ikkje byte det meir enn ein gong i året. Vatnet bør oppbevarast på ein kald og mørk stad, der det ikkje frys.
Mat
- To pakkar knekkebrød per person
- Ein pakke havregryn per person
- Tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
- Tre boksar pålegg med lang holdbarheit per person
- Nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
Du bør ha nok mat i bustaden til å mette alle, og du lyt tenke igjennom korleis du skal lage maten dersom du verken har straum eller vatn. Det er lurt med nokre ekstravarer som har lang haldbarheit, som kan oppbevarast i romtemperatur og kan lagast utan varmebehandling.
Hugs at dersom du har husdyr eller spesielle diettbehov, så lyt du ta det med i rekninga.
Som eit kvardagsalternativ føreslår DSB at du handlar for nokre dagar om gangen i staden for å handle kvar dag.
Medisin
- Medisinar du er avhengig av
- Smertestillande
- Førstehjelpspakke
- Jod-tablettar for gravide, ammande og barn under 18 år (til bruk ved ei eventuell atomkatastrofe)
Ifølgje Statens strålevern kan radioaktivt jod ved ei atomulukke verte spreidd via lufta. Dersom du pustar inn forureina luft eller et forureina mat/drikke så vert den radioaktive joden teken opp i skjoldbruskkjertelen din. Tilskot av naturleg jod vil blokkere det radioaktive jodet, og såleis redusere risikoen for kreft i skjoldbruskkjertelen.
Dersom du vert rådd til å ta jodtablettar vert du sannsynlegvis også rådd til å vere innandørs i opptil to døgn. Det er difor lurt å ha tablettane heime.
Ver merksam på at du ikkje kan erstatte jodtablettar med vanleg salt!
Energi og varme
- Ved-, gass- eller parafinovn til oppvarming
- Grill eller kokeapparat som går på gass
- Stearinlys, lommelykt med batteri, parafinlampe
- Fyrstikker eller lighter
- Varme klede, pledd og sovepose
- Ekstra drivstoff og ved/parafin/gass/rødsprit til oppvarming og matlaging
DSB rår husstandar som har straum som den einaste/viktigaste kjelda til oppvarming å ha nokre alternativ for varme dersom det vert straumbrot.
Har du vedomn eller peis sørg for at dei er i orden og at du har nok ved. Har du gass- eller parafinomn pass på at den kan brukast inne og er i god stand.
Du kan også alliere deg med naboar, familie eller vennar som kan gje deg husly!
Hygiene
- Våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
- Tørke-/toalettpapir
Dersom noko skjer med vasstilførselen, så lyt du vere medviten om di personlege hygiene. Dårleg hygiene kan føre til smitte og sjukdomar.
Sist, men ikkje minst:
- Litt kontantar
- Batteridriven DAB-radio
- Batteri, batteribank og mobilladar til bilen
NRK P1 er beredskapskanalen her til lands, og ved krise eller ulukke skal du søkje informasjon der.