Bokdebutant Ane Barmen er nominert til Brageprisen
Vågsøyværingen debuterte med ungdomsboka «Draumar betyr ingenting» i haust. No er ho nominert til Brageprisen for debutboka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tre av fire nominerte bøker i klassen for barne- og ungdomsbøker er skrivne på nynorsk.
Draumar betyr ingenting av Ane Barmen er nominert saman med Fugleguten av Rune Belsvik og Blå flaggermus av Harald Nortun.
Bokmålsboka Buffy By er talentfull av Ingeborg Arvola og Nora Brech (ill.) får òg ein nominasjon.
Blant nominasjonane i klassen for skjønnlitteratur er Jon Fosse med boka Det andre namnet.
Får skryt av juryen
I grunngjevinga til juryen får Harald Nortun skryt:
«Blå flaggermus er korthogd og velskriven, og sveipar innom tematikk som fattigdom, rettferd, dysleksi og fleire typar utanforskap – mellom anna er Sander i aukande grad oppteken av den ukjende far sin. […] Denne underhaldande, men samstundes truverdige skildringa av den unntakstilstanden ein barndomens sommarferie kan vera, har noko på hjartet.»
Om Fugleguten av Rune Belsvik skriv juryen mellom anna:
«Fugleguten er ei sår og gripande forteljing om eit barns forsøk på å kontrollera eigne kjensler og handlingar, og om å søka samhald. Illustrasjonane til Sigbjørn Lilleeng kler Belsviks minimalistiske formspråk og gir ein romleg dimensjon til opplevingane av utanforskap og emosjonell distanse på ein måte som er tru mot barneperspektivet.»
Om å bearbeida sorg som ung
Juryen skriv mellom anna dette om Draumar betyr ingenting av Ane Barmen:
«Draumar betyr ingenting viser stor innsikt i korleis sorga kan opplevst som einsam fordi livet for andre går vidare – men for den som sørgjer, får alt ein annan farge. Romanen er likevel forunderleg lett å lesa. Den viser korleis Louise tenker og handlar framfor å forklara, og intensiteten blir halden oppe med eit språkleg driv og ein vellukka komposisjon.»
Romanen handlar om 17 år gamle Louise som til vanleg bur på hybel i Ålesund, men reiser tilbake til heimbygda etter skuleåret er over og får seg sommarjobb på sjukeheimen.
– Boka handlar om å bearbeida eit veldig stort tap når du er veldig ung – på veg ut i livet – og alt det 17-årige livet fører med seg, som å ville feste, skaffe øl, smugrøyking og krangel med søsken, fortel Ane Barmen i dette intervjuet med Framtida.no.