Her er traileren til katastrofefilmen Tunnelen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein film på liv og død. I norsk samanheng har vi heldigvis ikkje opplevd så mange slike scenario, men det har vore mange tunnelbrannar og rett og slett flaks at det ikkje har gått med liv, sa regissør Pål Øie til NPK i september.

Allereie før den norske premieren 1. juledag er filmen selt til land som Frankrike, Kina, Tyskland, Japan og Korea.

I går kom endeleg traileren:

Tunnelbrann utsette innspelinga

I manusarbeidet har regissør Pål Øie og manusforfattar Kjersti Helen Rasmussen lese rapportar frå begge brannane i Gudvangatunnelen, samt Skatestraumtunnelen i 2015 og Oslofjordtunnelen i 2017.

Filmen er produsert av Einar Loftesnes og har eit totalbudsjett på 34 millionar kroner.

Produksjonen har òg fått smaka litt på realitetane i tunnelsituasjonen på Vestlandet, der innspelinga har gått føre seg.

Storbrannen i Gudvangatunnelen natt til 30. mars sette ein mellombels stoppar for innspelinga, fordi trafikken vart omdirigert til Høyangertunnelen der innspelinga føregjekk.

Manusforfattarane har lest rapportar frå norske tunnelbrannar og innspelinga av katastrofefilmen Tunnelen vart utsett då ulukka var ute igjen. Foto: Nordisk Film

Thorbjørn Harr: – Tøft og lærerikt

I ei pressemelding frå Nordisk Film Distribusjon seier hovudrolleinnehavar Thorbjørn Harr at prosjektet har vore lærerikt.

– Medan eg førebudde meg til rolla var det både tøft og lærerikt å sjå korleis ulike redningsmannskaper jobbar rundt i Noreg, utfordringar dei møter, og kva ein burde gjere for å vere mest mogleg førebudd når ulukka først treff,  seier Torbjørn Harr.

Det har vore mykje spenning rundt kven som speler i filmen, og under innspelinga i februar i år, ville ikkje produksjonsleiaren ut med kven som hadde hovudrollene.

Harr speler rolla som den tidlegare redningsmannen Stein, som opplever at dottera Elise, og fleire som skal heim til jul, vert han fanga i ein ni kilometer lang tunnel når ein tankbil køyrer i fjellveggen og eksploderer.

Ylva Fuglerud speler Elise, som er fanga i tunnelen saman med resten av passasjerane på ekspressbussen ho tek. Foto: Skjermdump