6.435 elevar droppa ut av vidaregåande i fjor
– Me treng betre og tettare oppfølging av elevane for å hjelpe fleire til å fullføre, erkjenner kunnskapsministeren.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ny statistikk frå Utdanningsdirektoratet viser at 6.435 elevar avslutta vidaregåande opplæring i skuleåret 2018-2019 utan å ha fullført.
Det betyr at 3,4 prosent av elevane slutta på skulen mellom 1. oktober og slutten av skuleåret.
Dette har vore ein svak nedgang sidan skuleåret 2014-2015, då fire prosent droppa ut i løpet av året.
Kunnskapsministeren: – Treng tettare oppfølging
– Tala viser at me treng betre og tettare oppfølging av elevane for å hjelpe fleire til å fullføre og bestå vidaregåande skule, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) i ei pressemelding.
Statistikken viser at det er fleire elevar som droppar ut av yrkesfaglege utdanningsprogram enn dei studieførebuande retningane.
På design og handverk sluttar heile ti prosent, medan det er under éin prosent som sluttar på idrettsfag. Dei fleste som droppar ut gjer det allereie på VG1.
Gutar sluttar i større grad på studieførebuande, medan jenter sluttar i større grad på yrkesfag.
Vil ha mindre teori
– Ei av tilbakemeldingane vi får, er at elevane på yrkesfag synest skulekvardagen er for teoretisk og at dei får spesialisert seg for seint, seier Sanner.
Frå og med neste haust skal yrkesfagselevane spesialisera seg tidlegare. Målet er at utdanninga skal verte enno meir praktisk.
Elevar som sluttar undervegs skal bli fanga opp av oppfølgingstenesta i fylka. Regjeringa melder òg at dei vil gje fylkeskommunane eit meir heilskapleg og tydelegare ansvar for å følgje opp elevane og dei som er mellom 16–24 år.
Les også meiningsinnlegget frå Ina Martine Brendø (17): – Eit meisterbrev er vel så viktig som ein mastergrad, og eit Noreg på sitt beste krev yrkesfag på sitt beste.