Dette er landets første MDG-ordførar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg føler meg overvelda og ekstremt æra over å verte tiltrudd den veldig vanskelege og krevjande rolla som kommunens ordførar dei neste fire år, skriv Ørjan Jensen på si eiga Facebook-side.

Onsdag vart det klart at han tek over etter bror sin Robert Jensen (Ap) som ordførar i finnmarkskommunen Vardø.

Miljøpartiet Dei Grøne går saman med Senterpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti om eit valteknisk og politisk samarbeid.

Det melder NRK.

– Kjem til å skape ringverknadar

Ørjan Jensen vert med det den første ordføraren Miljøpartiet Dei Grøne har hatt nokosinne.

– Det er ein milepæl i heile den grøne rørsla, frå MDG blei starta opp i 1988, seier nasjonal talsperson Une Bastholm til NRK.

I Vardø fekk Miljøpartiet Dei Grøne heile 23,2 prosent oppslutnad, nesten 11 prosent meir enn ved lokalvalet i 2015.

Une Bastholm seier lokalpartiet har vunne valet på ekte grøn distriktspolitikk og trur kommunen vil merke ein meir klimabevisst ordførar.

Sjølv gler ho seg til å følgje kommunen framover:

– Det MDG i Vardø er i ferd med å oppnå kjem til å skape ringverknadar langt utover Finnmark sine grenser. Ikkje berre i partiet, men i heile kommune-Noreg, seier Bastholm til NRK.

I 2020 slår Lindås, Radøy og Meland seg saman til Alver. Med 29.000 innbyggjarar vert kommunen den fjerde største i Vestland fylke. 26 år gamle Sara Sekkingstad (Sp) vert ordførar for storkommunen. Foto: Sp