Undersøking: Frp- og KrF-veljarar trur mest på spøkelse

Personar som stemmer KrF eller Frp, trur mest på at spøkelse eksisterer, ifølgje ei ny undersøking.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

40 prosent av KrF-arar og 37 prosent av Frp-arar svarer at «noen hus og bygninger kan være hjemsøkt av ånder», ifølgje undersøkinga til Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforskning (Kifo), ifølgje Vårt Land.

Blant Venstre-veljarar trur berre 10 prosent det same, den lågaste delen blant veljargruppene. Totalt trur kvar fjerde nordmann på at heimsøkte hus finst.

– Det er ein sterk samanheng mellom å tru på reinkarnasjon, horoskop, lykkeamulettar, heimsøkte ånder og det å vere lågt utdanna, kvinne og busett i meir rurale strøk, seier Kifo-forskar Tore Witsø Rafoss.

I nær alle partia trur kvinner meir på spøkelse enn det menn gjer, men nettopp KrF er unntaket. Halvparten av menn som stemmer KrF, trur på heimsøkte hus, mot 30 prosent av KrF-kvinner.

Les også: Jonas (21) kan bli tidenes yngste ordførar

Jonas Andersen Sayed kan bli tidenes yngste ordførar i Sokndal. Foto: privat