Kraftig hopp i valdeltakinga – høgast i Vestland og Oslo

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natt til tysdag viste prognosen for valdeltakinga eit like høgt frammøte som i 2011. Ser vi bort frå 2011, har ikkje fleire stemt sidan valet i 1991 (66 prosent).

Det nye storfylket Vestland og Oslo ser ut til å få størst valdeltaking, med høvesvis 67,7 og 67,5 prosent frammøte.

Lågast deltaking har det vore i Vestfold og Telemark, med i underkant av 62 prosent.

– Det er kanskje færre unge som er interesserte i politikk. Men eg synest det er viktig å bruka stemmeretten, seier Even Vinsjevik Ervik (18). Foto: Svein Olav B. Langåker

Fylkesval under 60 prosent

Ved kommunestyrevalet for fire år sidan møtte 60 prosent av dei stemmeføre opp.

Berre éin gong etter 1945 har deltakinga falle under 60 prosent, i 2003 (59 prosent).

I 1963 var oppslutninga på over 81 prosent, ein rekord som skuldast Kings Bay-ulukka og det politiske jordskjelvet som fulgte.

I alt var det 4.199.067 stemmeføre ved kommunestyrevalet i år. Nesten 21 prosent av desse førehandsrøysta.

For valet til fylkestinga ligg deltakinga i år an til å bli under 60 prosent. (©NPK)

Les siste nytt om lokalvalet her!