Rekordmange har førehandsrøysta

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Johannes Bergh er forskar II ved Institutt for samfunnsforsking. Pressebilete.

– Det er ein trend me har sett over lengre tid. Ved kvart val er det fleire som forhåndsrøyster, seier valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking til NRK.no.

I år er det val i 356 kommunar og 11 fylker. Rekordmange nordmenn har nytta høvet til å førehandsrøysta i perioden 12. august til 6. september.

20 prosent førehandsrøysta

Ifølgje ferske tal NRK Hordaland har fått frå Valdirektoratet er det 875.584 personar som har førehandsrøysta i år. Det tilsvarar om lag 20 prosent av dei røysteføre.

11.318 av desse tidlegrøysta allereie før perioden ein kan førehandsrøysta.

Bergh forklarar auken med at kommunane legg til rette for førehandsrøysting og at folk gradvis har vent seg til å førehandsrøyste.

Men valforskaren trur ikkje nødvendigvis rekordmange førehandsrøyster betyr rekordhøg oppslutning ved årets val.

Valdeltakinga er generelt lågare ved kommune- og fylkestingsval enn stortingsval. Ved førre lokalval var deltakinga på 60 prosent.