Månadens musikktips: Undergrunnsartisten som ikkje høyrer til undergrunnen

Jon Olav Sandal
Publisert
Oppdatert 08.09.2019 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Månadens nykomar

Jakob Ogawa – You and I

Å kalle Jakob Ogawa for ein undergrunnsartist er nok ikkje heilt korrekt. Men med norske auge opplevast han som noko mystisk og eg synest ikkje han får den anerkjenninga han fortener. I alle fall her til lands. Derfor har eg ein slags trong til å definere han for «undergrunn». Det kan òg vere på grunn av sjanger.

Han beveger seg tidvis ein stad mellom Mac DeMarco og James Blake. Ein slags moderne vri på indiesjangeren som tilsynelatande er på veg inn igjen. Han har ei leiken og nydeleg stemme som kler seg i eit tonelandsskap som minner litt om gamle jazzlåtar spelt av gitarar bløytlagt av chorus-effekten. Det er både fett, nytt og vekker minner om noko kjent.

Litt krydder skadar ikkje opplevinga

Det som eg syns er mest imponerande med Jakob Ogawa, om ein skal tru credits-lista til Tidal, er at han produserer all musikken sin sjølv.

Produksjonane opplevast som vel balanserte og dei har mange spennande element i seg. Spesielt syns eg han meistrer behandlinga av si eiga stemme veldig bra. Det er også her mine James Blake-referansar kjem inn. Han har funne ei fin linje mellom det å prosessere stemma si og behalde den fin og rein som den er. For han treng jo absolutt ikkje å tukle med den i utgangspunktet, men litt krydder skadar ikkje opplevinga.

Ein veldig spennande artist det blir artig å følge med på.

Månadens Gæmlis

Glen Campell – Wichita Lineman

Ei perle av ein låt som i det siste halvåret har vore ein av mine absolutte favorittar. Og ei av dei ordentleg gode visene som har vorte laga. Den har av ein eller annan grunn ein veldig nostalgisk karakter. Den er også veldig enkelt fordøyeleg samstundes som den kjennast både djup og inderlig ut. Eit svært godt stykke handtverk av både låtskrivar og artist.

Ei av dei ordentleg gode visene som har vorte laga

Glen Campell begynte eigentleg som ein freelance gitarist og låtskrivar og har blant anna bidrege på songar gitt ut av The Beach Boys og Elvis Presley. Utover på 60-talet begynte han å gi ut musikk sjølv også og etter kvart kom gåva av ei låt som originalt er skriven av Jimmy Webb i 1968.

Låta handlar i følge Jimmy Webb om ein heilt vanleg mann som jobba med telefonlinjer i USA. Han ville hylle og framheve kjenslelivet til alle dei kvardagslige menneska som ein møter på i kvardagen som ein så ofte møter, men sjeldan tenker over. Han blei inspirert til å skrive den ein gong han var ute å køyrde i solnedgangen og plutseleg såg ein mann i toppen av ein telefonlinjestolpe. Han sjølv beskreiv det som sjølve bildet av einsemd.

Vekas Spådom

Billie Eilish – Bad Guy

For ikkje veldig lenge sidan skreiv eg om Billie Eilish som ein nykomar. No er ho ein av dei største artistane på verdsbasis, om ikkje den største. Og eg må nesten ta ei av låtane hennar med som ein spådom. Eller det er nesten meir eit faktum enn spådom etterkvart. At låta «Bad Guy» kjem til å ljome ut av høgtalarane til generasjonen som kjem etter meg, er sikkert.

Låta kjem til å ljome ut av høgtalarane til generasjonen som kjem etter meg

Etter mi meining har ho klart å lydfeste sjølve anda i generasjon-Z, altså dei som er fødde på midten av 90-talet og litt ut på 2000-talet.

Det er litt klubbete, litt undergrunn, veldig pop, leikent og veldig, veldig bra. Det blir spennande å sjå kva ho skal gjere for å følge opp dette, for det blir sanneleg ikkje lett.