I desse greinene kan også du verte verdsmeister

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 13:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Liste-inspirasjonen er henta frå NPK. 

Ein treng ikkje vere like rask som Karsten Warholm og Ingebrigtsen-brørne for å kunne delta i eit verdsmeisterskap. Det gjeld berre å finne ei grein som er sær nok.

Kanskje er eitt av desse meisterskapa plassen for deg?

Noregsmeisterskap

NM i tørska torskhaudryling

Deltek du på Bryggetreffet i Evenes i Nordland, kan du også kjempe om medalje i å kaste torskehovud lengst. Det minner mest om ein kystvariant av å «kaste liten ball» som mange dreiv med på idrettsdagar i grunnskulen: 

Det er nok for seint å verte torskehaudryling-meister i år, men det er berre å legge seg i trening til tevlinga i august 2020.

NM i revy

Annankvart år arrangerer Norsk revyfestival NM i revy. I år går konkurransen av stabelen i Trøndelag frå 22. til 23. november.

Då skal revy-entusiastar frå heile landet knive om titlar som Årets revynummer, Beste sketsj, Beste monolog og Beste sceneprestasjon. 

NM i kjepphest 

Norgesmeisterskapet i kjepphest vert arrangert for første gong i år. Dette er ein hybrid mellom sprangriding og, vel, sprang. Deltakarane skal gjennom ei hinderløype som er forma som ei sprangridingsløype. Den einaste forskjellen er at ein ikkje har ekte hestar, men kjepphestar!

På nettsidene sine opplyser Kingsland Oslo Horse Show at det viktigaste er å ha det kjekt, og at det også vert delt ut medaljar i feil og stil, i tillegg til dei som hoppar høgst.

Det er kanskje første gong tevlinga kjem til norsk jord, men finnane har drive med dette i fleire år:

NM i quiz

Er det å kaste torskehovud eller fullføre ei springridingsløype for fysisk til at du trur du klarar utmerke deg? Frykt ei, i NM i quiz er det berre dei små grå som får køyrt seg. Norgesmeisterskap i quiz vert halde i Oslo i år, frå 13. 15 september. Gjer du det godt kan du også gå vidare til EM og VM.

Regelmessig Framtida-skribent, Erlend Skjetne, er ein av dei som har prøvd lukka og kapra den stolte 1133. plassen i VM i quiz. Hans råd: Det einaste fornuftige er å innstille seg på at tevlinga garantert vil bli ein nedtur.

Verdsmeisterskap i Noreg

VM Spark Utfor 

– Ideen kom fordi eg i barndommen brukte spark og kjelke ned traseen som i dag vert nytta i VM-løypa, forklarar ordførar i Hurdal kommune Runar Bålsrud.

I 2020 markerer verdsmeisterskapet i Spark Utfor tiårsjubileum, så det er ingen grunn til å la sparken stå i ro og ruste.

VM i tømmerfløyting

Verdsmeisterskapen i tømmerfløyting vert arrangert av Fløterfestivalen i Elverum. Du trur kanskje det er om å gjere å frakte tømmer ned ei elv fortast, og så ta imot heider og ære? Så feil kan ein ta. Det er nemleg heile fire deløvingar før vinnaren vert kåra.

Første øving er å fløyte sine stokkar ned elva, som venta. Andre øving er å tenne eit bål og koke kaffi, med påfølgjande smakstest av resultatet. Så tek deltakarane fatt på ei kunnskapsprøve (kanskje nokre fakta frå VM i quiz sit att?), som tredje prøve. Den store finalen er nok også den vanskelegaste å gjennomføre med 10 i stil: springe på tømmerstokkar.

Her kan du sjå korleis tidlegare deltakarar har løyst oppgåvene: 

VM og NM i saueklipping

Oppskrifta her er såre enkel: Det er om å gjere å klippe sau fortast. Det er vanskelegare sagt enn gjort. Irske Ivan Scott sette verdsrekorden i 2016 då han klipte ein sau på 37,9 sekund, og fekk med det den gjeve tittelen «Verdas raskaste saueklippar».

Noregsmeisterskapen går av stabelen på Varhaug i Rogaland i byrjinga av oktober. Arrangørane ventar opp mot 100 deltakarar frå 15 forskjellige nasjonalitetar og håpar på heile 900 besøkande.

VM i krabbefiske

I midten av september er det Sjømatfestival i Sandnessjøen i Nordland. Då brakar det laus for 14. gong på rad med VM i krabbefiske.

Her kan dei unge gjere det vel så godt som den eldre garde, og det er difor berre éi klasse – 14 år og oppover, uansett kjønn. 

Alle deltakarane får ei teine av arrangørane, og premien går til den som får høgast samla vekt av fanga krabbar i si teine.

VM i rekeskrelling

Skalldyrfestivalen i Mandal byr på verdsmeisterskap i å skrelle reker.

Regjerande verdsmeister heiter Live Ueland, og ho er ein gjengangar på førsteplassen. I årets finale skrella Ueland 22 reker på berre 60 sekunder.

Er dette noko for deg? Her får du nokre tips frå verdsmeisteren:

VM i greiphiving

Uortodokse verdsmeisterskap går gjerne hand i hand med festivalar. Slik er det også med Potetfestivalen på Jæren, der deltakarar kan konkurrere i greiphiving.

Det er om å gjere å treffe ei målkasse med jord, med minimum 30 graders vinkel. Kvar omgang består av tre kast, og deltakarane må kaste ei greip med 5 tinnar. Di fleire tinnar som står fast i jorda, di meir poeng hentar du heim.

VM i dødsing

Stupestilen dødsing vart, ifølgje NRK, første gong utført i 1972 av Raga Rockers-gitarist Erling Bruno Hovden, på ein etterfest på Frognerbadet.

Dødsing fekk sin renessanse i 2008, då det vart halde konkurranse i Frognerbadet. Sidan har det vorte stadig meir populært. No vert verdsmeisterskapen halde i august kvart bidige år.

Er du uredd nok til å ta fatt på dette?

Verdsmeisterskap i utlandet

VM i brennesle-eting

I England kan du visst verte verdsmeister i å ete brennesler. Samanlikna med andre greiner er nok dette ein av dei rimelege variantane, sidan ein kan plukke planten i hagen dersom ein vil øve i førekant. Det kostar mogelegvis for magen i etterkant, då.

VM i Pokemòn

Det har gått nokre år sidan Pokemòn Go gjekk som ein farsott over heile verda, og ungdommar for alvor måtte ta joggeskoa på for å jakte ned digitale skapningar i norsk natur.

Har du likevel ikkje fått nok, kan ein konkurrere i verdsmeisterskap i Pokemòn, både som kortspel og som dataspel.

I 2017 vart faktisk 11 år gamle Tobias frå Oslo kåra til juniorverdsmeister i kortvarianten!

VM i karaoke

Har du ei røyst som får fuglane til å teie for å høyre etter? Då er kanskje karaoke-VM noko for deg! Finalen går av stabelen i Japan i slutten av november, og då er også Noreg representert. Ingrid Liland og Eirikur Thor Sigurdsson er regjerande norgesmeistrar i karaoke, og skal prøve lykka i Tokyo.

Har du god tid og er over gjennomsnittet interessert? Då kan du sette av vel fem timar til å sjå heile fjorårets finale:

VM i public speaking

Seks deltakarar vert plukka ut i innleiande runder og held talar som er mellom 5 og 7 minutt, for eit panel av dommarar.

Konkurransen skal ha halde på sidan 1938 og har auka i popularitet sidan oppstarten. I 2018 er det meldt at kring 30 000 personar deltok frå 141 forskjellige land. Kanskje representerer du Noreg neste gong?

VM i Sudoku

13 verdsmeisterskap har vorte haldne sidan oppstarten i 2006. Japanske Kota Morinishi har vunne flest individuelle titlar, og har gått av med sigeren fire gongar, seinast i 2014.

Kva meisterskap ville du stilt i?

Kva meisterskap ville du stilt i?

Spark Utfor1
Saueklipping2
Tømmerfløyting0
Krabbefiske18
Quiz1
Rekeskrelling1
Torskehaudryling4
Greiphiving5
Kjepphest7
Revy0
Dødsing0
Brennesle-eting2
Pokemòn1
«Public speaking»0
Sudoku2
Karaoke4
Svar totalt: 48