Regjeringa vil lovfeste tilbod om karriererettleiing
Alle fylkeskommunar skal ha tilbod om gratis karriererettleiing for alle innbyggjarar, foreslår regjeringa, som vil lovfeste eit slikt tilbod.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er i dag ingen som har plikt til å tilby karriererettleiing til befolkninga. Derfor foreslår regjeringa å lovfeste at fylkeskommunane skal ha ansvaret for å gi eit slikt tilbod.
Karriererettleiinga skal samarbeide tett med rådgivingstenesta for elevane i grunnskulen og vidaregåande skule og andre aktørar, som til dømes Nav, foreslår regjeringa.
- Er du nysgjerrig på ulike yrker? Sjekk ut denne spalta!
Nye krav i arbeidslivet
Regjeringa har som mål at fleire skal kunne stå i jobb lenger, og karriererettleiing er eit viktig tiltak, ifølgje kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).
– Tida då ein jobba med akkurat dei same oppgåvene i same bedrift heile yrkeslivet, er forbi. Den nye kvardagen er at vi må oppdatere kunnskapen vår gjennom eit heilt arbeidsliv, seier Sanner.
Framlegget om lovendring blir sendt på høyring med frist 29. november.
- Les også om at berre halvparten av elevane på vidaregåande brukar rådgjevartenesta: – Ein kan google seg fram til det meste