Regjeringa vil lovfeste tilbod om karriererettleiing

Alle fylkeskommunar skal ha tilbod om gratis karriererettleiing for alle innbyggjarar, foreslår regjeringa, som vil lovfeste eit slikt tilbod.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er i dag ingen som har plikt til å tilby karriererettleiing til befolkninga. Derfor foreslår regjeringa å lovfeste at fylkeskommunane skal ha ansvaret for å gi eit slikt tilbod.

Karriererettleiinga skal samarbeide tett med rådgivingstenesta for elevane i grunnskulen og vidaregåande skule og andre aktørar, som til dømes Nav, foreslår regjeringa.

Nye krav i arbeidslivet

Regjeringa har som mål at fleire skal kunne stå i jobb lenger, og karriererettleiing er eit viktig tiltak, ifølgje kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

– Tida då ein jobba med akkurat dei same oppgåvene i same bedrift heile yrkeslivet, er forbi. Den nye kvardagen er at vi må oppdatere kunnskapen vår gjennom eit heilt arbeidsliv, seier Sanner.

Framlegget om lovendring blir sendt på høyring med frist 29. november.

Frå venstre: Selma Songedal (18) og Marie Bjørk Moen (18) veit godt kva dei vil etter vidaregåande, men trur fleire kunne hatt godt av å bruke rådgjevarane på skulen meir.