Fødselsfotograf Eva Rose og Femihelse er allereie nominert.
mm
Tidlegare vinnarar av Jenteprisen

2018: Mia Landsem, «Datadetektiv»
2017: JURK, Juridisk rådgivning for kvinner
2016: Andrea Voll Voldum, stod fram med si personlege historie i Hemsedal-saken
2015: Deeyah Khan, menneskerettsaktivist og filmskapar
2014: Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) og Gerd Fleischer

LES FAKTALUKK FAKTA

I fjor var det «datadetektiven» Mia Landsem (22) som stakk av med prisen, for den iherdige kampen sin mot ulovleg deling av bilete på nett. 

No opnar Plan for nominering av kandidatar til Jenteprisen 2019.

Gjer ein innsats for jenter

– Jenteprisen har blitt ein viktig pris for å løfta fram dei som utgjer ein forskjell for jenter sine rettar og jenter sin situasjon. På FNs jentedag skal me hedra ein verdig prisvinnar og samtidig gi honnør til alle som gjer ein ekstra innsats for at jenter skal vera trygge og frie, seier Kari Helene Partapuoli, generalsekretær i Plan International Norge i ei pressemelding.

Sigrun Stenseth and Helene Svabø driv podkasten Femihelse, og har alt blitt nominert.

To gla’jenter som nettop fikk vite at de er nominerte til Jenteprisen til Plan International Norge😭 Prisen deles ut til…

Posted by Femihelse on Wednesday, 28 August 2019

Det har også fødselsfotograf Eva Rose blitt og i ei Facebook-oppdatering skriv ho mellom anna:

– Det er så sjukt stas! Eg blei nominert i fjor også, og det varmar så langt inn i hjerterota at folk synest jobben eg gjer er viktig.

Du kan framleis nominere

Jenteprisen har blitt delt ut kvart år sidan 2012, til ein person, organisasjon eller ein bedrift som har gjort ein ekstra innsats for å stoppe vald, overgrep og diskriminering av jenter. Anten i Noreg eller ute i verda.

I fjor fekk dei inn 40 nominasjonar, og håpar på fleire i år. På heimesidene til Plan kan du nominere din kandidat fram til 13. september.

Jenteprisen 2019 vert delt ut på Parkteatret i Oslo 11. oktober i samarbeid med Costume, Parkteatret og Gyro.

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE