– Ein kan ikkje lage vaflar utan vaffeljern

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik såg vaffeljarnet ut då Swartwout leverte patentsøknad i 1869. Offentleg eigedom.

– Vaffelen er folkemat. Alle likar jo vaflar, seier forskar Eva Narten Høberg ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Ho forskar på mattradisjonar og har skrive artikkelen om vaflar i Store norske leksikon.

Laurdag var det 150 år sidan den amerikanske oppfinnaren Cornelius Swartwout tok det første patentet på vaffeljernet.

Vaffelen har likevel røter heilt tilbake til Hellas i antikken, medan dei første jerna med dei karakteristiske rutemønstera vart smidde i Tyskland og Nederland på 1300-talet.

Her i Noreg blir vaffelen først omtalt i kjelder frå 1700-talet.

5,2 millionar selde jern

Tal NTB har fått frå Elektronikkbransjen viser at det i fjor vart selt 263.000 vaffeljern i Noreg.

Eva Narten Høberg forskar på mattradisjonar, som til dømes vaffelen. Foto: NIBIO

Høberg er klar på at nettopp jernet er det som gjer vaffelen til ein vaffel.

– Ein kan ikkje lage vaflar utan vaffeljern. Vi har ein del rettar som liknar veldig på vaffelen, slik som pannekaker, sveler og mjølkekaker, men desse steiker vi på takke eller i steikepanne, seier ho.

Då registreringa av vaffeljernsalet byrja i 1987, vart det selt 94.000 jern, og sidan den gongen har salet gått jamt og trutt oppover, med 277.000 selde jern i 2013 som ein førebels topp. Til saman er det selt 5,2 millionar vaffeljern sidan 1987. Viss alle jerna skulle ha vore i bruk i dag, svarer til det omtrent til eitt vaffeljern per innbyggar i Noreg.

Forskaren trur auken i salet kjem av at vaffelen har vorte meir populær, heller enn at folk byter ut jernet sitt oftare enn før.

– Vi er opptatt av kulturarven vår og det særnorske i større grad enn tidlegare. Det ser vi mykje av i trendforskinga, og eg trur det òg gjeld her, seier Høberg.

Vaffel med kjøttrull

– Her i Noreg finst vaffeljernet i dei tusen heimar. Det skil Noreg frå Europa elles. Vaflar er populært i mange andre land òg, slik som i Frankrike og Belgia, men der er det ikkje like vanleg å ha vaffeljern heime, seier Høberg.

Ho påpeikar at sjølve vaffeloppskrifta ikkje er så forskjellig frå den dei bruker i andre delar av verda.

– Det karakteristiske for den norske vaffelen er hjarteforma, og kva vi har på. Her er det interessante kulturelle forskjellar. Dei fleste bruker syltetøy og rømme eller brunost, men på Helgeland og i Nord-Trøndelag har dei salt pålegg som kjøttrull eller egg og ansjos på. Det synest gjerne vi andre lengre sør er veldig rart, seier forskaren.

Ho kjem òg med nokre vaffelrøretips.

– Eg er tilhengar av å bruke byggmjøl, som også dei første vaflane i Noreg vart laga med. Dette mjølet har ei unik næringssamansetning som kveitemjøl ikkje har. I tillegg tilrår eg å bruke mykje egg, som også er fantastisk ernæringsmessig, seier Høberg.

Kva et du på vaflane dine?

Kva et du på vaflane dine?

Brunost, vel!12
Sylte og/eller rømme.11
Sukker, takk!8
Leverpostei0
Grillpølse, sjølvsagt1
Egg og ansjos0
Kjøttrull 2
Maular berre vaffelen, eg.3
Noko anna.6
Eg et ikkje vaflar.1
Svar totalt: 44

 

Organisasjonen Vaffelgutta har delt ut vaflar til narkomane og heimlause i Oslo i fem år. No startar dei opp i New York også. Foto: Vaffelgutta