Det blir enklare å få førarkort til mopedbil

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 25.08.2019 16:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me skal i større grad ta omsyn til likskapar mellom traktor og mopedbil, og gi dei unge større fridom til å velja køyretøy. Me gjer det no derfor enklare å utvide førarkortet til mopedbil for dei som allereie har førarkort for traktor, seier Dale i ei pressemelding.

Les også16-åringar får køyre mopedbil

16 års aldersgrense

Han peikar på at endringa vil gjera mopedbil til eit supplement for dei som elles køyrer traktor, og eit alternativ til tohjulsmoped.

Dei som har førarkort for traktor kan no utvida til førarkort for mopedbil ved å ta eit tryggingskurs på veg. Endringa kjem etter at aldersgrensa for mopedbil blir senka frå 18 til 16 år.

Vegdirektoratet innfører endringa i august.

Les også: Førarkortet blir digitalt – men berre i Noreg