Ung politikar: Sigrid Aanestad Moltumyr (18) frå Fjaler MDG

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Politikk angår oss veldig mykje. Dessutan synest eg det er veldig kjekt og lærerikt. Ein siste og viktigaste grunn er at klimaet kan ikkje vente, for å få klimakutt nasjonalt, må også klimakutt skje i kommunane – og det vil eg påverke til å skje, skriv Sigrid Aanestad Moltumyr til Framtida.no.

Ho kjem frå den vesle kommunen Fjaler i Sogn og Fjordane, ein kommune med nær 3000 innbyggjarar.

No stiller Moltumyr til val på Miljøpartiet Dei Grøne si liste fordi ho ønskjer at også unge skal ha ei stemme i politikken.

– Bruk stemmeretten!

18-åringen prøver å engasjera andre ungdommar med å fortelja om kor mykje politikken har å seia.

– Det er så sjukt mange ting som er politikk som mange unge ikkje veit. Politikk speler inn på kvardagslivet livet til kvar enkelt utan at vi veit det. Dessutan vil eg fortelle at ved å ikkje nytte stemmeretten, er det større sjanse for at makta kan hamne i feil hender, forklarar Moltumyr.

Sigrid Moltumyr vil gjere heimkommunen sin Fjaler endå grønar, og pushe for fleire klimakutt. Foto frå Fjaler: Anders Fongen/Wikimedia Commons/CC BY 2.0

Lovar å dytta i kommunen

Sigrid Aanestad Moltumyr meiner forbruk er den største klimautfordringa i Fjaler.

– Kommunen satsar på vekst, nye bygg og ønsker ny veg og nedbygging av matjord.

– Korleis vil du legge til rette lokalt for at Noreg skal nå klimamålsetjingane?

– Dersom eg blir valt inn i kommunestyret, kjem eg til å vere ei klar stemme for at alle avgjersler kommunane gjer ikkje skal gå utover klimaet og miljøet. Eg vil alltid pushe på kommunen til å kutte mest mogleg i ulike sektorar.

Alternativ til sentralisering

Ho er også opptatt av å styrke tilbod der folk bur i staden for sentralisering.

– Dette vil føre til at folk kan busette seg alle stader og det vert mindre utslepp ved transport.

– Miljøpartiet Dei Grøne er partiet for deg som er opptatt av eit medmenneskeleg mangfaldig samfunn der menneske og miljø er i sentrum. Der vi alltid prioritera miljø og klima først. Slik får vi handling og forandring.

Les fleire intervju med unge kandidatar til lokalvalet her!

Sigrid Aanestad Moltumyr

Alder: 18 år/2001
Yrke/Skule: Studiespesialisering på Dale Vidaregåande
Parti: Miljøpartiet Dei Grøne
Kommune: Fjaler