SV krev klimabudsjett i alle kommunar
SV meiner alle norske kommunar bør ha ambisiøse mål og klare planar for korleis dei skal få ned utsleppa av klimagassar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det må bli like sjølvsagt at du har orden på utsleppa dine som på pengane dine, sa SV-leiar Audun Lysbakken under partitimen på Arendalsveka.
– Vi må gjere dette valet til eit klimaval og velje lokalpolitikarar som er villige til å bruke makta si til å få ned utsleppa. Når vi har ei regjering som ikkje handlar, er det ekstra viktig å ha lokalpolitikarar som gjer det, slo SV-leiaren fast.
Han viser til Oslo, der SV har vore pådrivar for eit klimabudsjett med mål om å kutte CO2-utsleppa med 95 prosent innan 2030.
– Det handlar om satsing på kollektivtrafikk og elbilar, krav om nullutslepp i byggeprosjekt eller transportnæringar, og at kommunane bruker innkjøpsmakta til å kjøpe klimavennlege produkt, sa Lysbakken.
For å hjelpe kommunane foreslår SV å opprette eit statleg organ som kan låne ut kompetanse og personale som kan assistere kommunane i arbeidet. (©NPK)