Sushi x Kobe: – Heilt drygt at me har klart det!

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 11.08.2019 21:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sushi x Kobe: – Heilt drygt at me har klart det!

Gruppa frå Bergen får prisen for Sushi x Kobe-albumet «Døden lever lengst».

– Dette er veldig gøy. Vi hadde ikkje sett for oss dette, og det er heilt drygt at vi har klart det. Vi er veldig stolte, seier trioen i ei felles utsegn.

Prisheideren vart delt ut til gutane under Øyafestivalen i Oslo 8. august.

Edvard-prisen blir delt ut årleg av Tono i fem kategoriar. Om kvifor dette albumet førte til prisheider, skriv juryen mellom anna:

«Døden lever lengst» er et energisk, belevent og aggressivt album. Det bobler over av kreativitet og musikalske ideer, men står samtidig fjellstøtt med en tydelig og enhetlig identitet».

Det heiter vidare i grunngivinga:

«I en tid der popbransjen preges av enkeltlåter, strømlinjeforming og låtskrivercamps, er det forfriskende å høre et band som tenker helhetlig og i albumformat» .

Tonos mål med prisen er å auke merksemda rundt norske komponistar og tekstforfattarar. (©NPK)