Oscar-regissør til André Øvredal: – Filmen må bli betre enn alle mine

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opphavleg skulle mexicanaren Guillermo del Toro – dobbelt-Oscar-vinnar som står bak «The Shape of Water» – regissere grøssaren «Scary Stories to Tell in the Dark».

– Og så ville han plutseleg ta seg eit friår, fortel André Øvredal, kjent for «Trolljegeren» og «The Autopsy of Jane Doe», til NTB.

Twitter-skryt frå Toro

Dermed overlét Hollywood-maskineriet jobben til ein 46-åring frå Os i Hordaland.

– Dei hadde «momentum» på filmen og ville lage han med ein gong. Det er jo dette som skjer veldig ofte der borte, held Øvredal fram.

– Toro hadde uttrykt glede over «Jane Doe» på Twitter, så eg var liksom førehandsgodkjent. Og så kom dei andre produsentane og meinte at eg var ein god kandidat.

Er du ein Star Wars-nerd? Prøv deg på vår quiz!

Den kinoklare grøsseren «Scary Stories to Tell in the Dark»er basert på ein amerikansk kult-bokserie av Alvin Schwartz og Stephen Gammell. Foto: Norsk filmdistribusjon / Handout

Fekk skjelven

Men det var berre så vidt. Ifølgje eiga utsegn skalv Øvredal så pass i buksene på det første «pitsjemøtet» at han nesten øydela for seg sjølv.

– Eg var så nervøs at eg knapt torde å snakke. Det var verkeleg hemmande, kneggar han to somrar seinare.

– Heldigvis fekk eg forklart eit par ting – og så sit Guillermo der og seier: «Ja, ja, eg er ikkje så god på desse pokerfjesgreiene. Eg likar han jo, så for min del kan vi godt gå vidare.»

Toro stilte likevel krav til nordmannen som ville fått dei fleste filmskaparar til å flykte i retning næraste skogholt.

– Han sa jo det: «No har eg nettopp vunne Oscar, no skal vi lage film saman, og den filmen må bli betre enn alle filmane eg har laga.»

Øvredal skyt inn:

– Altså, han sa det på ein veldig positiv måte. Det var ingen «trussel». Men eg måtte lage ein film som levde opp til at han hadde vunne. Trass alt er namnet hans nært knytt til prosjektet.

Sjå treiler for filmen her:

Sekstiåttarskrekk

«Scary Stories» er basert på ein bokserie signert Alvin Schwartz og Stephen Gammell. Kinoversjonen er lagt til den amerikanske landsbygda i 1968, med alt det medfører av politisk bakteppe frå Martin Luther King til Richard Nixon.

Øvredal har etter det som blir sagt, òg late seg inspirere av dei klassiske «ungdomsgjengfilmane» Steven Spielberg, med fleire, leverte på 80-talet.

– Konkret handlar det om Stella på 16 og vennene hennar som halloweenkvelden endar opp i det lokale, heimsøkte huset, forklarer den Oslo-busette familiefaren.

– Der finn dei ei bok som høyrer til den mytologiske skapnaden Sarah Bellows, som var dottera i huset. I det dei tar boka med seg, set dei i gang ein prosess som etter kvart kjem til å bli veldig problematisk for dei.

Den underliggande «bodskapen» er høgst relevant, skal vi tru Øvredal.

– Eigentleg handlar det om korleis løgnar gjennom «omforteljing» kan bli oppfatta som sanning. Og det er eit tema som er så til dei grader til stades i kvardagen i dag, i alle fasar av livet.

Er du meir glad i romantikk? Prøv deg på den ultimate kjærleiksfilm-quizen!

Zoe Margaret Colletti spelar hovudrolla som 16 år gamle Stella Nicholls i kinoaktuelle «Scary Stories to Tell in the Dark». Foto: Norsk filmdistribusjon / Handout

Toro brukte saksa

– Kor mykje har Toro vore med undervegs?

– Massevis – han involverte seg i alt frå manus- til monsterutviklinga. Og då vi enda med ein klipp som var for lang, slik regissørklipp ofte er, sa han: «Ok, kom inn i klipperommet med meg i tre dagar.» Då lente eg meg tilbake og slappa av med at eg var trygg hos ein av dei beste historieforteljarane i verda.

– Kva seier han om resultatet?

– Han er kjempebegeistra for det – verkeleg.

– Fallhøgda er likevel stor?

– Ja, men eg synest det er gøy. I «Trolljegeren» og «Jane Doe» hadde eg to filmar som fekk fantastisk mottaking, så eg kan leve med at folk ikkje blir så glad i denne, parerer Øvredal overfor NTB.

– Sjølv meiner eg han er det beste eg har gjort hittil. Resten får bli opp til kritikarar og publikum.

André Øvredal sin nye film, «Scary Stories to Tell in the Dark», er ein ekte tenåringsgrøssar. Foto: Norsk filmdistribusjon / Handout