«Ver stolt av den kroppen du har og nyt livet året rundt»

Vegard Saue Martinsen (26)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget var først publisert på bloggen Vegards Verden og er omsett til nynorsk med løyve frå forfattaren.

Eg har følgt med på debatten om det å ha den perfekte sommarkroppen, og eg gjer som Birgit Skarstein og gir fingrane til sommarkroppen, då det er vanskeleg for meg å berre vise ein finger.

Eg føler meg ganske heldig som slepp å tenkje på å ha den perfekte sommarkroppen.

Eg tenkjer på dei som kvar dag blir påverka av medier og bloggarar som har fokus på å oppnå den såkalla perfekte kroppen.

Skulle eg, som har skeivheiter og kontrakturer over alt og i tillegg har CP og bruker rullestol, brydd meg om kva andre tenkjer og meiner om min utsjånad så hadde eg blitt sprø.

Eg meiner at vi alle burde bli meir flink til å gi F

Eg meiner at vi alle burde bli meir flink til å gi F og heller fokusere på å ha god mental helse.

Oppfordrar alle påverkarar til å tenkje på at vi har unge lesarar som let seg lett påverke av det som blir skriveom skjønnheit og kropp.

Eg meiner også at politikarane også har eit ansvar med å lovregulera aldersgrense for å lesa bloggar.

Til slutt er mitt budskap til dykk; Ver stolt av den kroppen du har og nyt livet året rundt.

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no

Les også innlegget frå Birgit Skarstein: Velkommen til NM i sommarkropp! Kva føler du no?

Idrettsutøvar Birgit Skarstein har sparka i gong årets sommarkroppdebatt. Foto: Erik Norrud