EU vil forby kunstgrasbanar
Kunstgrasbanar som er dekte av vulkanisert gummi bør verte forbode frå og med 2022, ifølgje ei EU-tilråding.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Miljøforureining skal vere hovudgrunnen til forslaget, skriv NRK.
Det er i hovudsak dei forureinande gummikulene som er årsak til forureining i naturen, EU vil verte kvitt.
Om dei vert innført, vil dei nye reglane truleg òg råka Noreg, som har over 1700 kunstgrasbanar.
Men Norsk fotballforbund meiner forslaget er urealistisk.
– Høyringsforslaget i EU inneber forbod mot all produksjon og bruk av granulat generelt. Granulat i kunstgrasbaner er berre ein del av dette. Det har kome mange innvendingar, og vi meiner det er urealistisk å tru at granulat i kunstgrasbaner vert forbode frå 2022, seier kommunikasjonsdirektør i Svein Graff i NFF til NRK.
Bør EU forby kunstgrasbanar?
Bør EU forby kunstgrasbanar?
Les også: Elevar har laga løysing for å hindre spreiing av mikroplast – idrettsklubb vil investere

May Renate Sletvold, Nora Nordvik, Hedda Wasskog Aamo, Christina Nøstvold og Solveig Svaasand Brunsvik og Casper Kristoffersen er laget som utgjer SafeTurf. Foto: Safe Turf