Fleirtalet vil ha gratis skulemat
Fleirtalet av norske veljarar er samd med venstresida i debatten om gratis skulemat, viser ei ny undersøking.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Høgres veljarar er dei einaste som svarer med overvekt på eigendel, viser undersøkinga Sentio har utført for Fagforbundet, ifølgje Dagsavisen.
Veljarar i Venstre og Frp er heilt delte i spørsmålet, medan det største fleirtalet for gratis skulemat er å finne blant SV-veljarar, der 92 prosent er for.

Freddy André Øvstegård (SV). Foto: SV
Stortingsrepresentant Freddy Øvstegård (SV) er ikkje overraska over tala. Han meiner at saka handlar om gratisprinsippet i skulen, men òg om rettferd og likskap i velferdsstaten.
– Eigendel for skulemat blir som å vedta klasseforskjellar som eit grunnleggande prinsipp. Det vil skape ei lagdeling i skulen.
- Lurer du på korleis kvardagen som stortingspolitiker er? Her får du svar!

Eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug. Foto: Alexander Helberg, IC Hendel/Flickr/CC BY-ND 2.0
Listhaug: – Dei fleste har råd
Eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug (Frp) ønsker å innføre foreldrebetalt skulemat, som ville kosta mellom 300 og 500 kroner i månaden.
– Eg trur dei fleste har råd. Det er jo òg ein kostnad ved å lage matpakkar kvar morgon, sa Listhaug i juni. Ho opna for eigne ordningar for å ta vare på barn i låginntektsfamiliar.
Bør det vere gratis skulemat?
Bør det vere gratis skulemat?

– Eg synest det er gøy å plante, og sjå plantene vekse, seier Sebastian Kärtstedt (10). Saman med Aliza Butt (10) og Amelia Asar Chadnry (11). Alle foto: Christian Gjerde