Stadig fleire kontaktar Forbrukarrådet om trøblete leigeforhold

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hittil i år har Forbrukarrådet fått 1.714 førespurnader om husleige. Auken er på heile 45 prosent samanlikna med i fjor, og det er først og fremst utleigar som opplever leigeforholda som problematisk.

Thomas Iversen er seniorrådgjevar i Forbrukarrådet . Foto: Halvor Pritzlaff Njerve / Forbrukarrådet

– Utleigarar fortel at dei har problem med rot og uorden med den som leiger. Dette kan utleigar unngå ved å legge ved klare husordensreglar i tillegg til leigeavtalen. Undersøkinga vår viser at ni av ti bruker skriftleg avtale, seier seniorrådgivar og jurist Thomas Iversen i Forbrukarrådet i ei pressemelding.

Betalar husleige for seint

ei undersøking frå mars i år, oppgir derimot fleirtalet av leigetakarane at dei ikkje har opplevd problem med utleigar. Éin av tre leigetakarar seier at dei ikkje har opplevd problem, medan to av tre utleigarar seier det motsette.

For utleigarane handlar det stort sett om for sein betaling, medan litt under ein firedel opplevde at husleiga ikkje vart betalt i det heile.

– Fleire seine eller manglande betaling kan gi grunn til å kaste ut leigetakar. Viss du vil bli buande, må du passe på å betale leiga innan fristen. I standardkontraktane kan utleigaren ta inn ein klausul som gir moglegheit til få hjelp av styresmaktene til å kaste ut dårlege betalarar. Legg husleiga som fast betaling i banken din, og helst rett etter du får lønn eller studielån, seier Thomas Iversen.

Betalar du husleige i tide?

Betalar du husleige i tide?

Alltid. 16
Som oftast.5
Sjeldan.0
Aldri. 0
Eig bustad sjølv. 3
Bur framleis heime. 0
Svar totalt: 24

 

Guro og Mats Herman Aunevik føler ikkje dei måtte gje avkall på noko viktig for å passe inn i sitt nye minihus.